I dag har eg sett på bryllupet frå Stockholm. Det var eit flott par og ein kjempe fin brudekjole. I fjor var vi i Stockholm på ferie. Då besøkte vi kyrkja der bryllupet fant stad i dag. Vi fekk også lov til å ta turen opp i kyrkjetårnet. Det var ein lang trappe tur opp gjennom tårnet. På toppen var det flott utsikt over byen og Gamla Staden. Eg fekk også lov å slå i kyrkje klokkene. Det tenkte eg på i dag då klokkene ringde.
Til høgre på bildet ser dåkke litt av slottet der festen blir holdt i kveld.
Stockholm var ein flott by som hadde mykje å by på. Eit kjekt feriemål.
Stockholm er ein kjempefin by ja! Såg på bryllup eg og. Tårene rann.. men no er eg veeeldig lettrørt også då ;)
SvarSlettTrur du og hadde vore ei fin brud Alice..hint hint (kanskje du må vise dette til Erling ;-) )
SvarSlett