onsdag 29. juni 2011

Sommergåve

 Eg er heldig å ha gode kolegaer rundt meg på jobb. Dyktige damer med gode kvaliteter på alle områder. Derfor fortjener dei ei oppmuntring. I år kjøpte eg krydderplanter og skreiv "Du er et krydder i hverdagen"
Gamle blikkbokser gjer nytta som potter. Litt blonde, hyssing og ein steikepose og vips ei sommergåve.
Takk for eit fint år og god sommer!

søndag 19. juni 2011

Giskespelet


I dag har vi og mamma vore på Giskespelet. Det var ei flott oppleving. Dyktige skodespelarar, flotte kostymer og god stemning.

tirsdag 7. juni 2011

Rabarbrapai

I helga laga mamma rabarbrapai. Det er ein smak av sommer. Ho lagar den etter denne oppskrifta;

- 3oo gr kveitemjøl
- 125 gr margarin
- 2 egg
150 gr sukker

Fyll;
- 400 gr rabarbra, renska og skjært i biter
- 100 gr suker (+ litt til kanskje :-) )
- 1 1/2 ss potetmjøl
- eit lite kaneldryss

200 grader i 35-40 min.

Serverast lun med vaniljeis.

søndag 5. juni 2011

Vafler og seljefløyte

 I dag var vi i gapahuken ved Demma på Lespsøya. Den er blitt bygd på dugnad til trivsel for fastbuande og turistar. Her er det grill, bålpanne, vafel - og toastjarn tilgjengeleg for alle. Det er blitt bygd platting og det er bord og benkar. Ein fin stopp om ein er på sykkeltur på Nordøyane. Pappa laga bål og mamma steikte vafler og kokte kaffi på bålet
Pappa laga ei seljefløyte av rogn. Lyd blei det også. I følge bestefar fekk vi ikkje blåse i slike fløyter på solskinsdagar for då kom regnet. Så regner det i morgon veit dåkke kven som har skulda.

fredag 3. juni 2011

Sommerblomster

 I dag hadde eg fri frå jobb og eg har vore på gartneriet og handla litt sommerblomster. Har lenge ønska meg eit oliventre på trappa og det fant eg til ein grei pris i dag. Ei korg med lavendel blei det også.
På verandaen blei det som vanleg blomster i rosa og kvite nyansar. Men på grunn av garsjebygginga og i mangel på bodplass ser verandaen vår ikkje bra ut. Snøbrett, spader, grasklippar m.m sleng rundt og skaper lite hygge. Håper på ferdigstiling av garsja snart. Nøyer meg med eit nærbilde av denne søte her så lenge.