torsdag 29. september 2011

Fin haustdag!

For ein dag. 25 grader når eg kom heim frå jobb i dag.
Siste rest av Hortensiaen har blitt med inn i kveld.
Levande lys og avslapping på sofaen her i huset i kveld.

tirsdag 27. september 2011

Bergenstur

I helga hadde vi ein KOSELEG helgetur til eit vennepar i Bergen. Utstyrete med paracet, nasespay og klinex papir i rikelege mengder vart det ein LANG biltur. Førkjølelsen blei vel ikkje bedre utover helga heller, men i godt selskap et det mykje som går.

Det blei ikea tur på heile gjengen før damene tok turen på cafe og vidare på den store interiørmessa i Grigghallen. Her var det mykje flott å sjå. Fotoapparetet vart diverre ikkje med, men ta ein titt inn om
denne og denne bloggen for fine bilder. Tida gjekk fort og beina blei trøtte, men heime diska husverten opp med utruleg god mat! Søndagen var der og tida for heimreisa kom. Alltid trist å seie hade til gode venner. Takk for ei fin helg til familien M.

(Bildet har eg lånt fra Bergen kommune, trist med eit innlegg utan bilde...)

lørdag 17. september 2011

Helg



Ønsker alle som er innom ei god helg.

torsdag 15. september 2011

Smuldrepai

Ein smuldrepai dåkke må prøve. Snerten og god:
Skellte epler i båter i botnen, strø over sukker og kanel.
Bland 4 dl havregryn (lett kokte), 2 dl mjøl, 4 ss sukker og  kna inn 200 gr margarin. Legg "deiga" over eplebåtane. Steikast på 220 grader i ca 25 min.
Serverast lun med vaniljeis.

Lykke til!

lørdag 10. september 2011

Loppemarked


I går var eg på loppemarked. Eg handlar ikkje så mykje, men finn no noko kvar gong. I år falt eg for dette bildet. Såg på det når eg kom og når det framleis hang der etter ei stund var det sikkert meininga at eg skulle kjøpe det. Bildet er fint, men ramma er litt skada, men det er berre sjarmerande når bilda er gammle. Her er eit anna loppefunn eg har gjort tidlegare.