onsdag 29. desember 2010

Fototur

I kveld har vi vore på ein kald tur til fjellstua. Prøving og feiling stod på programmet. Mykje som skal lærast og tips mottas med takk. Men gøy er det!

tirsdag 28. desember 2010

Julegåver

Tenkte eg måtte vise fram nokre av dei flotte julegåvene eg fekk i år. Fekk dette flotte speilreflekskameraet av mannen. Det er eit Canon 500. Så i romjula har eg lest og prøvd å lære meg litt om alle funksjonane som finst. Det blir nok litt prøving og feiling.
Eg ønska meg også ein kakaomugge og eg fekk denne fine er frå PIP serien. Ny og flott skitneklekorg til badet blei det også. Sengteppe, tøfler, bok, ullsokker m.m låg også under treet. Takk til alle.

Romjula har gått fort med juleselskap, film, snop, men litt mosjon har det også blitt.

torsdag 23. desember 2010

Jul

                                           Jul både ute og inne.

onsdag 22. desember 2010

Juleroser

Jula nærmer seg og i dag har eg kjøpt litt juleblomster.
Ute er det "Blåtimen" og kaldt, inne er det vamt og jula snik seg inni heimen. Juletreet er kjøpt, maten innhandla, dukane strøkne og alle gåvene er handla og pakka. Mamma og pappa skal feire jul med oss i år og det blir kjekt.

lørdag 18. desember 2010

Snart jul

Då er det siste dagen med berre 3 lys og jula nærmar seg.
Julestjernene er på plass.
Eit lite juletre i gangen pynta med lys og sløyfer av raudrutete band og bast.


torsdag 16. desember 2010

Livsteikn

Ja då har eg visst hatt ein liten juleferie frå bloggen. Dagane har gått fort og dagane har gått seint og eg har ikkje hatt bloggelyst! Men nokre bilde frå nattas snøfall kan eg legge ut. Fint, men mykje jobb å halde vegen open. Heldigvis er det andre i huset som tek seg av det.

søndag 5. desember 2010

Ny venn

I dag var eg på julemesse i Brattvågen. Der fekk eg meg ein ny venn. Var den ikkje søt? Den er laga av Unni. Ho har gitt ut bok om kunsten å lage desse flotte nissane.Sjå bloggen hennar for inspirasjon!

lørdag 4. desember 2010

Helg

Konserten i går var etter forventningane. Masse folk og Carola sang med si flotte stemme. Etter konserten tok vi turen til Lyspunktet cafe ilag med nokre venner. Rykta gjekk om at Carola med venner skulle komme dit etter konserten. Ut på kvelden kom heile gjengen og Carola sang nokre songer der også. Kjempe koseleg!
Tok med eit bilde av grana eg har pynta på trappa.
I dag har eg vore utan bil i heile dag. Mannen jobber dugnad. Så då sette eg i gong med å pakke inn julegåver. Har ikkje fått handla så mange endå, men det blir vel i år også. I år blei det i kvitt og brunt!
I vinduet lyser det frå lykta vi fekk ein kveld vi hadde koseleg besøk!


torsdag 2. desember 2010

Dagen før dagen!

I morgen skal vi på Carola konsert i Sunnmørshallen. Eg har gledd meg sidan eg kjøpte billettane for fleire månadar sidan. Håpar på fin musikk og julestemning ilag med slekt og venner! 

onsdag 1. desember 2010

Ein fin tradisjon

I dag er det 1. desember og eg har åpna den første pakken i kalenderen min. Den fekk eg i posten av mi gode venninne i Bergen, Sonja. Vi har laga kalender til kvarandre i mange, mange år. Det er ein kjempe koseleg tradisjon. Så tusen takk Sonja!
Pakkane er fint pakka inn og ligg i denne posen. I dag fekk eg ein lilla oppvaskklut. Fin i adventstida!

lørdag 27. november 2010

Advent


I dag har eg laga til årets adventstake. Bruker rakvedfjøla mi i år også. I år har talla blitt festa med hampetau og pynten er stjerner av bjørkenever, pynta med glitter.

Trollhasselen min har fått seg ei lyslenkje til advent. Nokre englevingar og eit papirhjarte har også fatt plass. I Norges glasset har eg putta nokre furukongler som har fått på seg litt glitter.

Ynskjer alle ei koseleg adventstid.

lørdag 20. november 2010

Julemesse

Då er første dag av julemessa over. Også i år med MASSE folk og gode tilbakemeldingar. Eg hadde ein del engler og alle har fått seg ein ny eigar i dag. Pepperkakehjarta eg blogga her ein dag gjekk fort unna og det same gjorde villsauskinna. Bjørkekjegla bak på bildet kunna eg ha seldt mange av (kjem ikkje fram på bildet, men det er bjørk med små lys som er stramma saman med ein tynn streng. Fine til å ha på trappa).
Tok også med bilder fra standen til mamma. Ho selde quilta ting som bilder, løparar og adventskalendere. Kjøpelysta var stor hos Lepsøyfolket og av dei tilreisande.
Vi takker alle som var innom og minner om at det er ope i morgon frå 15.00-16.00, då med eit noko mindre utvalg, men framleis mykje fint igjen!

torsdag 18. november 2010

Pakket og klar

I dag er det eitt år sidan eg heiv meg på bloggebølga! Det har blitt blogga om litt av kvart og det har i grunn vore ganske kjekt. Eg kjem nok til å halde på vidare. Den første tida var det berre dei nærmaste som var innom, men no ser eg av statistikken at eg har treff både herfrå og derfrå og kjekt er det. Men eg må seie at eg av og til lurer på kven dåkke er?
Tok med nokre engler eg har laga av blåskjell. No er dei pakka forsiktig ned og er klare for nye eigarar på julemesse.
Pepperkakehjarta har komt seg i cellofan.

onsdag 17. november 2010

Pepperkakehjarte

I dag har eg baka pepperkakehjarte til å henge i vinduet til jul. Baka og pynta 12 stk. Det tok litt tid. Har pynta dei begge sider slik det blir ekstra fint når dei blir hengt opp. Blei inspirert av bloggen "Den gode feen" i går og satte i gang i dag. No må dei tørke før dei skal få på seg sløyfe og pakkast fint inn. Blir nok å få kjøpe på julemessa til helga...

søndag 14. november 2010

Bjørkehjarte

Farsdagen blei feira på Lepsøya med god middag og kake. Vi fekk også tid til å flytte villsaudane til ny beite. Der traff dei verane og til våren blir det nok små lam igjen...
Hobbyaktiviteter blei det også. Svigerinna mi og mamma har laga slike bjørkehjarter tidlegare og i dag skulle eg prøve. Etter litt fram og tilbake om korleis det skulle sjå ut blei det slik. Pappa hadde ei meining, mannen ei, broren ei anna og jammen hadde ikkje bestemor på 93 også ei meining, ja pluss våre eigne. Skulle det vere stramt eller litt "bustete"? Heile familien engasjert og koseleg er det. God veke til alle samen!

onsdag 10. november 2010

Julehjarter

Dagens produksjon frå Hobbykottet. I dag har eg sydd julehjarte etter inspirasjon fra Tilda. Fine til å henge på ei grein eller ein trollhassel i juletida.

søndag 7. november 2010

Engler

Desse søte englane her laga eg for nokre år sidan. Men dei siste åra har eg ikkje fått tak i rett slags englehår. Kroppen og armane er laga av englehår blanda med tapetklister og glitter som er smurt rundt kjegleformer.
Men på butikken som har meir en du trur; Johan R Sunde på Sula hjalp meg å skaffe det. Så i går fekk eg bestillinga mi og i dag er produksjonen i gong igjen. Her står kropper og armer til tørk. Haud og hender lager eg av sernitt leire.




Bilde en og tre er tatt frå denne flotte boka eg fekk til jul for nokre år tilbake, men trur den er til salgs endå. Masse flott inspirasjon til den som liker engler.



tirsdag 2. november 2010

Julemesse

20. - 21. november blir det julemesse i staburet i Bretanusgarden på Seth. Dette er blitt ein tradisjon. Det blir salg av handarbeid, lefse og villsauskinn. Velkommen!
Her er litt av det som var til salg i fjor. Mykje fint!

mandag 1. november 2010

Storefjell

I helga var vi på Storefjell. Vi var der med jobben til mannen min. EL-PROFFEN hadde ei messe der. På fredags kvelden var det Sigrid Bonde Tusvik som stod for underhaldninga, om ein kan kalle det underhaldning. Ho imponerte ikkje! Men søt var ho.



Hotellet er påbygd X-antall gonger og er ikkje fint å sjå på, men maten og stemmninga var det ingenting å sei på. Vi var 550 stykker og hadde heile hotellet. Veret var dårleg, men eg og ei til gjekk oss ein liten fjelltur til Gulknappen på laurdagen.

Laurdagskvelden var det fest middag med nydeleg mat, taler og underhaldning. Knut Lystad og Tom Mathisen (frå bl.a Brødrene Dal og Karl og Co) var toast mastere eller brødristere som dei kalte det. Dei var kjempe flinke og hadde show for oss inne mellom dei ulike rettane.

Her er karane i aksjon som språkforskarar. Trur Sigrid bør ta seg eit kurs i underhaldning hos desse karane. Dei bar preg av å vere godt førebudde og av å ha mange års erfaring.




onsdag 20. oktober 2010

Bursdagsgåve


Innpakking av gåver er noko eg liker godt. I dag var det ei gåve til vesle Amanda som skulle pakkast inn. Gåvepapir frå IKEA av resirkulertpapir med roseblad, hyssing og to hjarte av bølgepapp som til /frå lapp.

tirsdag 19. oktober 2010

Vinter igjen

Slik såg det ut i midten av mai her hos oss....
..og i kveld ser det slik ut. Dermed fekk vi berre 5 korte måneder utan snøv her hos oss.

Bilen har heldigvis fått på seg vinterdekka. Ute spinn bilane og kjem seg ikkje opp bakken vi har på byggefeltet.
Vi gjekk ein kveldstur akkurat og det var i grunn ganske koseleg, men eg håper likevel at dette er kortvarig. Litt tidleg med vinter.


mandag 18. oktober 2010

Gode saker

Gjærbakst er veldig godt, særleg når det er ferskt. I går bakte eg rosinboller og winerbrød. Lærte et triks på jobb ein dag. Med det samme ein tar ut bollane skal ein pensle dei med mjølk. Då blir dei blanke og fine.
Ein anna ting som er smakfult er smootie. Frukt, yoghurt og litt jucie og vips eit godt mellom måltid eller berre litt kos!

søndag 17. oktober 2010

Hausthelg


Denne helga har vi gjort haustaktiviteter her i huset;
- sommarblomstrane har havna på ruskedungen.
- hagemøblane er rydda vekk.


Nysnøven ligg langt ned i fjella og nattetempraturen er under null.
- bilen har fått vinterdekk.
- vi har brukt motor- og kupevarmaren. Supert med varm bil.
- vi var ein tur til Vatne på kunst- og handverksmesse. Mykje fint og kanskje nokre idear til eiga messe.
- i går kveld var vi i Parken kulturhus på Ålesund Unites. Mykje fin sang, men eg fant ut at eg ikkje er 20 år lenger. Vel høgt etter min smak. Etterpå var vi hos mi svigerinne og svoger ein tur. Koseleg.


- no skal eg lese i juleblada mine og kose meg. Mannen i huset er på eit lydoppdrag på føremiddagen, men er straks tilbake tenkjer eg og då blir det fårikål. Det beste eg veit. Søte er dei og godt smaker dei. Bæ bæ :-)

tirsdag 12. oktober 2010

Bryllupsdag


I dag har vi bryllupsdag. Fine roser har komt i heimen og vi rakk ein varm kakao på Lyspunktet cafe. Eg har vore på jobb først og kurs i byen etterpå, så den store feiring blei det ikkje. Gratulerer til oss sjølve :-)

søndag 10. oktober 2010

Bursdag


Da fedre ble til var tanken ganske klar,
for fedre har noe i seg som ingen andre har.

De har fått kraft og styrke for å verne sine hjem,
de er lekelystne og blir rørt av barnas klem.

Derfor har vi fedre og jeg er sikker på,
at noen bedre far enn deg det kan jeg ikke få.

Gratulerer så mykje med 60 års dagen din i dag pappa!
Ha ein fin dag. Vi er kjempe glade i deg. Vi gler oss til i ettermiddag.

mandag 4. oktober 2010

Heilt på styr!


Veit ikkje kven som er heilt på tull eg 4. oktober 2010. Naturen med løvetann i blomst og 18-19 grader, handelstanden som selger juleblad eller eg som kvart år kjøper juleblad i oktober. Samme kan det vere. Kjekt med både fint og varmt ver og juleblad.