lørdag 12. mars 2011

Framdrift

Mannen i huset byggjer for tida garasje. Det går stadig framover og murane har komt opp. Elektikaren har lagt opp til lys både her og der og til og med til eit eventuelt bobblebad til meg :-)

Mitt prosjekt for tida er hekling. Hekleteppet går framover. I desse VM tider kan eg seie at eg ligg foran skjema. Men i dag har eg øvd meg på å lese mønster og fått til denne rosetten.

søndag 6. mars 2011

Fastelaven

I dag er det fastelaven og eg hadde bestilt boller heime hos mamma og pappa. Der blei det både lammelår og boller. Nam nam. Her eit par av dei gode krembollane.
Mamma lagar alltid smultbollar også. Dei er farleg gode. Fekk med meg restane så då har eg til kaffien i morga også. :-)