onsdag 20. oktober 2010

Bursdagsgåve


Innpakking av gåver er noko eg liker godt. I dag var det ei gåve til vesle Amanda som skulle pakkast inn. Gåvepapir frå IKEA av resirkulertpapir med roseblad, hyssing og to hjarte av bølgepapp som til /frå lapp.

tirsdag 19. oktober 2010

Vinter igjen

Slik såg det ut i midten av mai her hos oss....
..og i kveld ser det slik ut. Dermed fekk vi berre 5 korte måneder utan snøv her hos oss.

Bilen har heldigvis fått på seg vinterdekka. Ute spinn bilane og kjem seg ikkje opp bakken vi har på byggefeltet.
Vi gjekk ein kveldstur akkurat og det var i grunn ganske koseleg, men eg håper likevel at dette er kortvarig. Litt tidleg med vinter.


mandag 18. oktober 2010

Gode saker

Gjærbakst er veldig godt, særleg når det er ferskt. I går bakte eg rosinboller og winerbrød. Lærte et triks på jobb ein dag. Med det samme ein tar ut bollane skal ein pensle dei med mjølk. Då blir dei blanke og fine.
Ein anna ting som er smakfult er smootie. Frukt, yoghurt og litt jucie og vips eit godt mellom måltid eller berre litt kos!

søndag 17. oktober 2010

Hausthelg


Denne helga har vi gjort haustaktiviteter her i huset;
- sommarblomstrane har havna på ruskedungen.
- hagemøblane er rydda vekk.


Nysnøven ligg langt ned i fjella og nattetempraturen er under null.
- bilen har fått vinterdekk.
- vi har brukt motor- og kupevarmaren. Supert med varm bil.
- vi var ein tur til Vatne på kunst- og handverksmesse. Mykje fint og kanskje nokre idear til eiga messe.
- i går kveld var vi i Parken kulturhus på Ålesund Unites. Mykje fin sang, men eg fant ut at eg ikkje er 20 år lenger. Vel høgt etter min smak. Etterpå var vi hos mi svigerinne og svoger ein tur. Koseleg.


- no skal eg lese i juleblada mine og kose meg. Mannen i huset er på eit lydoppdrag på føremiddagen, men er straks tilbake tenkjer eg og då blir det fårikål. Det beste eg veit. Søte er dei og godt smaker dei. Bæ bæ :-)

tirsdag 12. oktober 2010

Bryllupsdag


I dag har vi bryllupsdag. Fine roser har komt i heimen og vi rakk ein varm kakao på Lyspunktet cafe. Eg har vore på jobb først og kurs i byen etterpå, så den store feiring blei det ikkje. Gratulerer til oss sjølve :-)

søndag 10. oktober 2010

Bursdag


Da fedre ble til var tanken ganske klar,
for fedre har noe i seg som ingen andre har.

De har fått kraft og styrke for å verne sine hjem,
de er lekelystne og blir rørt av barnas klem.

Derfor har vi fedre og jeg er sikker på,
at noen bedre far enn deg det kan jeg ikke få.

Gratulerer så mykje med 60 års dagen din i dag pappa!
Ha ein fin dag. Vi er kjempe glade i deg. Vi gler oss til i ettermiddag.

mandag 4. oktober 2010

Heilt på styr!


Veit ikkje kven som er heilt på tull eg 4. oktober 2010. Naturen med løvetann i blomst og 18-19 grader, handelstanden som selger juleblad eller eg som kvart år kjøper juleblad i oktober. Samme kan det vere. Kjekt med både fint og varmt ver og juleblad.

lørdag 2. oktober 2010

Haustkveld


Her i huset har det vore stille og roleg i helga. Vi er forkjøla, hostar og harkar. Sofaen er god å ha!
Bildet er tatt i kjøkkenvinduet. Seglbåt kjøpt av "Den gode feen" og blomsterpotte frå Søstrene Grene. Forstatt god helg til alle som er innom.