onsdag 23. april 2014

Fridag

Store deler av fridagen min har eg hatt på solsenga med denne utsikta!! Ikkje verst det i april månad. 


fredag 18. april 2014

Påskefjellet


Etter nokre kjekke dager på øya med lamming og havluft var vi i dag på fjellet. Sola skein frå blå himmel og føret var bra. Vi hadde ein flott dag saman med fine folk.


(Blogga frå mobilen, derav litt dårlig kvalitet på bildet)

tirsdag 15. april 2014

Påskemarsipan

 
 
I går laga eg påskemarsipan.
Skolda mandler, melis og eggekvite
 (litt mindre ingredienser enn i kjøpe marsipan...)
 
Rulla marsipanen som egg.
Tok smelta kokesjokolade i handflata og rulla egg lett i den.
Hadde egga over i ei skål med tuttifrutti strø.
 
Smaker mykje bedre enn Nidar sine :-)
 
 

mandag 14. april 2014

Palmesøndag og gebursdag

 
I går var vi i gebursdag til ei av våre KJÆRE tante.

 
Ei god, snill og omsorgsfull tante.

 
Gåva låg ferdig i ei gåveøskje.
 
Berre å "pimpe" den opp litt om med bast, fjør og stempel.
 
 

torsdag 10. april 2014

Dørkrans

 
Då har ytterdøra fått seg ein krans til påske.

 
Kransen er laga av bjørkeris og nokre seljegreiner.

 
Festa nokre påskeliljeløkar på kransen for å gjere den litt "påskete"
 
 
 

onsdag 9. april 2014

Kappløpet er ferdig

 
Kappløpet som startet får leeeenge siden er over.
 Mannen har pussa opp bilen til morfaren sin.
Eg har hekla eit teppe i oldemorsruter.
 
Bilen har vorte "ribba" heilt ned. Sandblåst, rustsveisa, lakert og opp igjen montert.

 
Bilen har blitt som nye igjen
(etter utallige pakkar med deler fra diverse land og x-antall arbeidstimer...)
Starter gjer han også.

 
Stolane har blitt trekt om til det opprinnelige og
teppet er hekla i farger som skulle passe til interiøret.

 
Då er det berre å håpe på ein fin sommar.
( Eg syns det er litt flaut med heile bilen og veit ikkje om eg tør vere med :-)  )