torsdag 29. mai 2014

Storhornet

 

 
I dag har vi vore på Storhornet på Godøya 497 m.o.h.
Nordøyane på rekkje og rad.
Vi har også vore på Goaldet på Lepsøya og Skulen på Flemsøya dei siste 12. dagane.
Er med andre ord inni ein god stim :-)

 
 
Ålesund og Sukkertoppen

 
På vegen gjekk vi forbi Johan Skytt steinen.
Måtte krype ut på grunn av sterk vind og ein ørliten høgdeskrekk.

 
Fotografen eg hadde med var ikkje av den flinkaste til å finne rette vinkelen, men her var det stuuuuupbratt rett ned. Hjelp!
HMS ansvarlig i familien heldt seg bak kamera.
 
Flott tur i strålande sol!
 
 
 
 
 


søndag 18. mai 2014

Fjelltur

Vi har vore på Lepsøya i helga. I går var det 17. mai feiring med flagg, tog, is og kaker i fint ver, men kald vind. I dag vakna vi opp til strålande sol og varmt ver. Vi bestemte oss for å gå til Goaldet. Ein fin tur til toppen av øya blei det.



torsdag 8. mai 2014

Linservietter

 
For lenge sidan kjøpte eg ein del linservietter med ei på jobb.
 Ho hadde handla i Vyborg til ein billig penge.
 
Mamma har ei symaskin som kan brodere dei finaste ting.

 
Eg fekk ein ide om at ho kunne brodere initialane til ei vennine av meg på serviettane.
 
Eg var i Kristiansand tidlegare i vår og då fekk ho desse i gåve frå meg.
Ho blei svært glad for gåva og det er alltid kjekt med vellykka påfunn.