mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!

 
 
Då har årets siste dag komt. Vi skal ete middag hos svigerforeldra mine. Seinare på kvelden blir det fest og moro i lag med venner. Kaka til i kveld står i ovnen og pakkane til pakkeleiken er pakka.
 
Ynskjer alle som brukar å titte innom Hobbykottet
godt nytt år!

lørdag 22. desember 2012

Så blei det jul i år også!

På grunn av sjukdom av både det eine og det andre har det vore svært lite blogging i adventstida. Alt har blitt gjort på den enkle måten i år. Juletreet kjøpt på første plass, ikkje baka og julevasken blei ei runde med støvsugaren. No er treet oppe, gåvene pakka og alt i boks i år også.

 God jul!

søndag 9. desember 2012

2. Søndag i advent

To lys er tent, lykt på trappa, fyr i ovnen, gjærdeig på heving og snart får vi besøk.

mandag 3. desember 2012

Julegåver

 
Julgåve innpakking er ein kjekk og koseleg aktivitet som eg alltid har likt.

 
Eg fekk nokre kongle engler til overs på julemessa.
Desse festa eg på pakkane til nokre små søte barn.

 
Dei litt eldre får ein hekla snøkrystall som pynt.
Lilla band i ulike fargar.
 
God advent!

tirsdag 27. november 2012

Adventskrans

 
I kveld har eg laga årets adventskrans.
 Eg blei inspirert frå eit juleblad eg kjøpte i haust.
 

 
Eg kjøpte ein ferdig halmkrans (litt for stor, men den einaste som var å oppdrive) i butikken.
Plukka med meg nokre lerkegreiner når eg var heime i helga.
Greinene blei surra fast med strenge. Treng ikkje å vere heilt tett - fint om halmkransen viser litt.

 
Kubbelysa festa eg ved å varme opp ein bit streng og stikke den inn i lyset.
Limte på nokre stjerner av bjørkenever og litt "bling" kjøpt på Indiska.

 
No er vi klare til
advent.

søndag 25. november 2012

Julemesse

 
I helga har vi hatt den årlege julemessa i stabburet på Seth.
Det var salg av lefser, villsauskin og heimelaga julepynt m.m.
Mykje folk og god stemning i år også.

 
Her er standen min. Pepperkakestjerner, skoposer, engler, pynta sjokoladeesker og enkle dørkranser.

tirsdag 20. november 2012

Kongleenglar

Enkle furukongler har blitt til søte kvite og glittrande englar.

Eg blei gjort oppmerksom på at eg hadde skreve pepperkakehjarte i innlegget på søndag. Det var sjølvsagt stjerner det skulle stå. Stjernen har blitt pakka i cellofan og er klare til å få nye eigarar i helgas julemesse på Seth!





 

søndag 18. november 2012

Pepperkakestjerner

I dag har eg pynta pepperkakestjerner i lange baner. Tek si tid når begge sider skal pyntast. Synest det gjer seg når stjernene skal hengast opp.

Pynta nokre med dei vanlege "snirklane" mine og nokre som lignar meir på snøkrystallar.

torsdag 15. november 2012

Stjernebretting

 
 
Då har eg etter prøving og feiling lært meg å brette slike stjerner.
Kanskje blir det slike som skal pynte opp julegåvene i år...

tirsdag 13. november 2012

Hermetisering

 
Norgesglasa mine har mest vore brukte til lysestakar, blomstrevasar og til oppbevaring av sølvtøyet.
Men det var før. Eg har vore hos svigermor og lært meg å hermetisere pærer. Pærene kjem fra mormora på Stranda. Så no har vi gode desserter framover vinteren.
 
Takk for hjelpa.

søndag 4. november 2012

Helgeslutt

 
Sola går ned og helga er forbi.

 
Vi har hatt ei fin helg på Lepsøya.
 
 

mandag 29. oktober 2012

Gebursdagsgåve

 
Med mykje på programet gjekk helga fort.
Vi var i bl.a.gebursdagsselskap til vår spreke tante.
Ho fekk gåva si i denne gåveposen.
Laga kryssord med ord som passa til gebursdagsbarnet.
TAKK for koseleg feiring
 
 

søndag 21. oktober 2012

Engler

Eg fant oppskrift på ein engel i ein Stoff og stil katalog ein dag. I går såg fleire dagens lys på Hobbykottet. Eg laga i fleire ulike fargar. Her ei brun utgåve. "Håret" var litt nytt for meg, men med litt tilvenning synes eg dei vart ei tøff utgåve av ellers så søte og yndige englar.

fredag 19. oktober 2012

God helg

Norgesglasa har fått nokre haustblad rundt seg. Snurra dei fast med litt hampetau. Skaper fin hauststemning i stova ein fredagskveld.

onsdag 17. oktober 2012

Solnedgang


Var på XL i Ålesund og åt middag ein kveld. Vi hadde 10 års bryllupsdag og feira med god middag ute. Mens vi sat der gjekk sola ned og eg tok dette bildet gjennom vinduet (derfor lamper på himmelen) Kan utsikta bli bedre på ein slik dag?

lørdag 13. oktober 2012

Tilbake...

 
 
..ivertfall eit livsteikn!
 
Haustfargar

 
Nydeleg ver og flotte motiv

 
Hausten er her

 
Vakkert

lørdag 8. september 2012

Gullerøtter


Blogga i vår om såing og grønnsakhage. Nepene blei små og beiske, men gullerøttene blei store og gode. I dag plukka eg inn ein bunt og har laga ein stor porsjon med vårruller.

God helg.

 

tirsdag 4. september 2012

Gjærbakst

Når det er ruskever ute er det ingen ting som er bedre enn fersk gjærbakst. Bestemors kokoshorn er alltid godt.

lørdag 1. september 2012

Loppemarked

I dag har eg vore på loppemarked på bedehuset. Eg kjøpte dette fine fatet fra Stavangerflint. Ein god gamal klassikar.


fredag 24. august 2012

God helg

 
Fredag og helg er alltid godt.
Eg skal på Blåtur med jobben i dag.
Spennende.....
 
Det har blitt mørke kveldar og hausten snik seg fram.
Då er det koseleg med levande lys og blomster.
 
God helg
 

mandag 20. august 2012

Trollstigen


På søndag var vi ein tur til Trollstigen.
Der hadde ein arkiteket (eller to) utfalda seg.
Spenstige saker.



Ein fin søndagstur i ny bil :-)



onsdag 15. august 2012

Fjelltur


Ferien er over og kvardagen er her.
I ettermiddag har eg hatt ein flott fjelltur til Høgkubben ilage med nokre kollegar.
Nydeleg ver og fin fin utsikt.

onsdag 1. august 2012

Lepsøytur


Ny fanga krabber til kvelds


Fine sommerkvelder


Vaflar, kanopadling, fisking og leiking ved Demma og gapahuken.


Butikkleik i nye butikken til Linda.



lørdag 28. juli 2012

Sommertur


Vi har hatt ein fin tur til; Førde - Høyanger - Balestrand - Flåm - Lom - Geiranger.
Vi har køyrd opp og ned fjell. Sett flotte fjelloverganger og
opplevd fleire av dei Nasjonale turistvegane.

Flåmsbana var ikkje anna enn imponerande.


Bana hadde fotostopp ved denne fossen og Huldra dukka opp og sang.


Toget svinga seg oppover.

Les meir om Flåm her.


Eit utkikkspunkt i Aurland


Flotte fjelloverganger i nydeleg ver.


På Elveseter nær Lom står denne statua. 
Den artige historie bak Sagasøyla finn her
Linda Eide i Norske attraksjoner har laga eit innslag om Sagasøyla og det kan du sjå her



Vi tok også omvegen og køyrde Gamle Stynefjellsvegen.





Ein fin tur i vakker norsk natur.