lørdag 28. juli 2012

Sommertur


Vi har hatt ein fin tur til; Førde - Høyanger - Balestrand - Flåm - Lom - Geiranger.
Vi har køyrd opp og ned fjell. Sett flotte fjelloverganger og
opplevd fleire av dei Nasjonale turistvegane.

Flåmsbana var ikkje anna enn imponerande.


Bana hadde fotostopp ved denne fossen og Huldra dukka opp og sang.


Toget svinga seg oppover.

Les meir om Flåm her.


Eit utkikkspunkt i Aurland


Flotte fjelloverganger i nydeleg ver.


På Elveseter nær Lom står denne statua. 
Den artige historie bak Sagasøyla finn her
Linda Eide i Norske attraksjoner har laga eit innslag om Sagasøyla og det kan du sjå her



Vi tok også omvegen og køyrde Gamle Stynefjellsvegen.





Ein fin tur i vakker norsk natur.

onsdag 18. juli 2012

Sommar inne


I går hadde vi koseleg besøk.
Tok sommaren inn frå hagen. Ein peon og ei hortensiagrein.


Smuldrepai med vanilje- og fløytekrem, bringebær og blåbær.
Smak av sommar!


Norgesglassa er stadig i bruk.
Sandkakeform med eit lite kubbelys denne gongen.





søndag 15. juli 2012

Kroatia


Vi har hatt ei flott og VARM veke i Split, Kroatia. Med temperaturer rundt 40 grader vart det varmt på stranda. Men med havet 5 meter unna vart det mykje bading og snorkling.



Hotellet hadde eigen minibuss som tok oss til byen Split om vi ville det på kvelden.


Solnedgangen klokka 21.00 og framleis 30 grader.


Hotellet hadde eigen marina. Her var det mykje store og flotte båtar.


Godt med sol og varme :-)


På hotellet var det ei flott spa avdeling.
Føtter og tær fekk seg ei "overhaling" og var dermed klare til å lufte seg i sandalane.

Ei fin veke i Kroatia er over og vi trur at vi har funne vårt nye ferieland.

God sommar vidare til alle som er innom.


torsdag 5. juli 2012

Sommer i hagen


Vakkre pioner




Hortensiane i full blomstring


Ein markblomsterbukett frå ei kjekk jente som slutter i barnehagen og startar på skulen. Slike helsingar varmer godt - og det gjer sola i dag også.




søndag 1. juli 2012

Gebursdag x 2


I dag har vi vore i gebursdag til to. Ei blei 29 år og ei blir snart 3 år.
Eg laga felles kort til mor og dotter.


Innhaldet i pakkane var vellukka.
Parfyme til mammaen og ei lyslenkje med rosa sauder til dottra.
Det må ei lita bondesnuppe ha på rommet sitt.