fredag 20. desember 2013

Julebrus

 
Eg er heldig å jobbe saman med fleire flinke og dyktige damer.

 
Vi er ein barnehage der små og store trivast.
 I dag fekk eg fleire julehelsingar frå kollegaer og foreldre.
Dette er ALLTID kjekt.
Godt å få tilbakemeldingar på at folk er fornøgd med jobben ein gjer.

 
Fekk blant anna desse stilige julebrusflaskene.
 
Toppen av kreativitet.
Tusen takk Elisabeth :-)
 
God helg - snart juleferie!
 
 
 
 
 

søndag 15. desember 2013

3. søndag i advent

 
"Nå tenner vi det tredje lys,
det er et hellig tall.
Vi venter på at kongen vår
skal fødes i en stall."
 
 
Tre lys er tent og jula nærmer seg.
I helga har vi vore på "Julenatt".
Det har blitt ein fin tradisjon i adventstida.
 
På søndagsturen plukka eg med meg ei lita furu.
Den har fått plass i Norgesglaset.
 
 
 
 

fredag 13. desember 2013

Julebord

 
I går hadde vi julebord med jobben.
Vi hadde ein kjekk kveld på Devold fabrikken i Langvågen.
 

 
Vi fekk servert middag i Kølbua. Her var det varmt og godt.
Ute bles restane av uveret "Ivar".

 
Vi skulle ta med ein pakke til ein pakkeleik.
 Eg pynta pepperkakestjerner til å henge vindauget.
 
Pynta pakken med ei kvit fjør og ein pakkelapp av pepperkake.
Pakken fall i smak -  og det er alltid kjekt.
 
 
 
 
 
 
 

onsdag 11. desember 2013

Pepperkaker

 
Fridag og ny kakesort i boksa.
Med ferdigkjøpt deig er det fort gjort å lage pepperkaker.
 
Nokre fekk litt melis på seg, andre får klare seg utan.
 
Snøven er vekke og gradestokken viste 14 grader pluss i dag.
 
 
 

søndag 8. desember 2013

Julegåver

 
 
"Nå tenner vi det andre lys,
da kan vi bedre se.
Vi venter på at Gud, vår Far;
vil gi sin sønn hit ned."
 
Då har vi tent det andre lyset i adventsstaken.
 Ute er det julestemning med mykje snøv og nokre minus grader.
 
Eg har starta med å pakke inn julegåver i dag.
Dette er noko eg koser meg med like mykje kvart år.
 
 
 
 
 
 

søndag 1. desember 2013

1. søndag i advent

 
"Nå tenner vi det første lys,
alene må det stå.
Vi venter på det lille barn
som i en krybbe lå."

 
Lysestakar og tal frå Kremmerhuset

 
Ynskjer alle ein fin 1. søndag i advent.
 
 

mandag 18. november 2013

Tjuvstart


Det blei eit langt opphald. Datamaskina mi har "sagt opp" og blitt erstatta av ein iPad.
 Eg synes det er vanskelegare å blogge frå den.

Har starta med litt juleforberedelser. Har laga fin pynt av fimoleire (eller hobbyleire).
Trykte ut former med pepperkake formene. Brukte stempel og nokre blondebiter til å lage mønster (Bak lette over blonden med kjevlet).

Tenkte at dette skulle vere pynten på julegåvene i år.

onsdag 25. september 2013

Solsikker

 
Min favoritt blomst er uten tvil solsikke. Til gebursdagen min fekk eg ein pose med solsikkefrø av ei tantejente. No står den eine solsikka i full blomst i haustsola på uteplassen.
 
 

søndag 25. august 2013

Seinsommers helg

I helga har det vore eit flott ver. Vi har benytta oss av det og vore fleire turar på sjøen. Vi har bl. a dratt teiner.
Vi tok også turen til Lepsøya. Her var det besøk av fleire slektninger. Det blei grilling ved demma, paddling i kano og kaffi frå bål. På veg heim fekk vi med oss solnedgangen ved Molja. 

onsdag 31. juli 2013

Bildedryss

 
Ferien starta i Tønsberg med gode venner og sjølvasta Carola!
Takk for fin tur til alle sammen!

 


 
 
Vi tok turen til Verdens ende på Tjøme.
Vi besøkte venner på Årnes og helste på nyfødte Jenny Leonora Marie og familien hennar.

 
 
Vi reiste til Mallorca og hadde fine og varme dager der.
God mat og fine badetemperaturer

 
Båttur til Øye ein flott sommardag. Her blei det grilling og bading


 
" Fartsdump " på Øye
Slik får dei ned farta på vegane på Øye - plaserer eit bord i vegen!

 
Vi har ankra opp i Sandvika ein sein sommarkveld etter grilling på Langevågsholmane.
Her serverte reisefølgjet i andre båten bær og vaniljesaus
Takk for fin tur!

 
Det blei også båttur til Skodjestaumen

 
Etter mykje fine ver så måtte regnet komme.
Og det gjorde det når vi ,svigerinne, svoger og tante jente skulle på telttur.
Det ausa ned, lyna, tordna og heile bygda blei straumlause.
ALT blei vått, men eit artig ferieminne blir det nok.
Takk for fin tur!

 
Fisking har det også blitt tid til

 
Flotte Hellevik fyr

 
Blåbær plukking blei det også.
Regnet kom og små og store bærplukkere måtte finne vegen heim igjen.
 
Fortsatt god sommar til deg!
 
 

mandag 1. juli 2013

Rabarbra

 
På Lepsøya plukka eg med meg årets rabarbra.

 
Blanda i like mykje jordbær som rabarbra


 
Så no har vi både saft og sylte framover vinteren.
 
 

søndag 30. juni 2013

Solnedgang i Hellevika




 
Avslutter helga med bilder frå solnedgangen i Hellevika på Laurdag.
 
Takk for kjekt selskap Linda og Ellinor.
 
 

lørdag 29. juni 2013

Hesjing

I dag har vi vore på Lepsøya og der var vi med på å hesje. Før var dette det verste eg gjorde. Men etter mange års pause var det igrunn litt kjekt. Små og store var med.

lørdag 22. juni 2013

Knekkebrød

 
Då har også eg prøvd meg på å bake knekkebrød
 
Baka etter denne oppskrifta:
 
4 dl sammalt rug
4 dl store havregryn
2 dl solsikkekjerner
1 dl sesamfrø
1 dl linfrø
1 ts alt
7 dl vatn
 
Bland alt og fordel massen på to steikebrett.
Del opp i passe biter med kniv eller pizzarulla.
 
Steikest i 1 time og 10 minutter på varmluft, 160 grader.
Bytt om på bretta halvvegs i steiketida.
 
Bryt opp i biter, avkjøl og oppbevar i en tett boks.
 
 
Her blir det middag på Egon med venner før vi skal på konsert.
 
God helg til alle dåkke som er innom
 
 

onsdag 19. juni 2013

 
Hortensian i full blomst.

 
Denne veit eg ikkje navnet på men er svært så villig til å blomstre.

 
Ei humle gjer jobben sin.

 
 
I helga kjøpte vi oss ein båt. Blir kjekt med turar på sjøen.
Håper på ein fin sommar.
 
 

søndag 26. mai 2013

Hamburgertallerken

 
Heimelaga hamburgertallerken med en lite vri.
Marinert indrefilèt, grilla ananas, ruccola salat og eple coleslaw.
Bakte potetbåter.
 
 

lørdag 25. mai 2013

Laurdag i hagen

 
I dag har vi fjerna mose mellom belegningssteinen på uteplassen
For en jobb!

 
Har også fått testa macrolinsa mi som eg fekk til jul.
Kjekt å kunne ta fine nærbilder.

 
Har ikkje kjøpt uteblomster endå.
Enn så lenge pynter eg opp med det som veks fritt.

 
Sol frå blå himmel blei det også.

mandag 20. mai 2013

Pinse

 
I pinsa har vi vore på Lepsøya.
Her blei det tid til tur til Bryggja, grilling i fjøra og vaflar i hagen

 
Ikkje ei sky å sjå.
Berre blått hav og blå himmel

 
Lepsøya bada i sol i kveld