fredag 29. januar 2010

Helg

Då er det helg igjen og det er alltid godt. Har ingen planer så langt. Skal fyre i ovnen og pleie helse og kropp :-)



Vakkre blomster gjer seg alltid. I dag var det tilbud på store og flotte Hortensier. Denne blei med meg heim idag - nydlig!



Kirsebærgreiner er også flott når dei sprett ut. Skal vise bilder seinare. Berre å vente..

God helg til alle som er innom.

onsdag 27. januar 2010

Oppfriskning



I kveld har eg fordjupa meg i didaktikk og den didaktiskerelasjonsmodellen. Eg har ein student frå Høgskulen i Volda ilag med meg på jobb. Ho skal planlegge leiardagane sin etter denne modellen. Sidan det faktisk er 10 år sidan (hjelp!!) eg vart utdanna må eg frisk opp kunnskapen. Men det er i grunn veldig kjekt har eg funne ut. Så no er eg klar til å ha veiledning med studenten i morgen.

Ellers har snøven smelta i heile dag, men no i kveld LAVER det ned med ny forsyning..

tirsdag 26. januar 2010

Lært noko nytt

Fekk meg blogg for å lære litt data. I dag har eg trykt litt igjen. Det er det kjedligaste eg veit, men eg har høyrdt at det er det einaste som må til for å bli betre (sitat Hans Olav). Så i kveld har eg klart å lage meg ei bloggliste. Ikkje så mange på den endå, men kanskje blir det fleire etterkvart. Stadig framskritt.... ;-)

lørdag 23. januar 2010

Sølvtøy

Norgesglass kan brukast til meir en sylte. Til dåkke som har lest bloggen ei stund huskar sikkert glasa som lykter i kjøkkenvinduet mitt. I dag har eg pynte dei med ei sølvsløyfe og sølvtøyet er blitt pussa og komt fram i frå skuffer og skap. No står dei fint på utstilling i vitrineskapet. Noko er nytt og noko har vi arva.

onsdag 20. januar 2010

Tilda fugler

Til advent fekk eg ei fin julebok, Tildas Julehus, av ei vennine. Her var det mange flotte ideer. I går kveld sydde eg desse fuglane frå boka. Dei har fått plass i trollhasselen min.


(Litt mørkt og dårleg bilde..)

tirsdag 19. januar 2010

Sydag

I helga var eg heime hos mamma og pappe ein tur. Mamma hadde fått ein ny ide som måtte prøvast ut. Mamma tenkte og sydde. Eg såg på og prata..:-)



Ideen var ein "papirlommetørkleholder" av alle ting. Slike papirposer knittrer alltid når ein diskre skal ta opp et lommetørkle. Derfor ein "pose" å oppbevare dei i i veska.



Her er det ferdige resultatet.



Var veldig enkle å sy, ivertfall når ein slepp å gjere det sjølv. men eg skal prøve på eigahand ein dag.
Denne her skal ei venninne få i gebursdagsgåve tenkte eg. Ho er lett rørt og har alltid lommetørkle i veska.

lørdag 16. januar 2010

Tur på Goaldet



I dag har Håvard og Hans Olav hatt ein flott tur til Goaldet, 492 m.o.h. Turen gjekk på ski. På toppen var det flott utsikt.



Her ser vi Flemsøya.

tirsdag 12. januar 2010

Stemning



Etter at all julepynten blei fjerna måtte eg finn fram den "gamle" pynten igjen. Den blir som ny etter ei pause på loftet. Lys gir stemning!



Sinkhus og te-lys i ei gamal sandskorpeform skaper hygge i kveldsmørket.

mandag 11. januar 2010

Jula ut, "våren" inn.

I dag var tida for å kaste ut jula komen. Juletreet var "sliten" og hang med greinene og då er vel stasen over for denne gongen. Litt trist er det, men alt blir så luftigare og reinare når alle pynten blir vekke. Har fått rydda i julekassene og fått dei på plass på loftet.



Desse flotte tulipanane vekk eg før helga og dei står fint endå. Deilig med litt friske vårfarger.



Julestjernene er bytta ut med vårlege krysantimumer.

mandag 4. januar 2010

Det snør det snør..

På Emblem har det snøva i fleire dagar. Her er solplassen vår. Den er full av snøv.





I dag måtte vi lage ein gang i dei store snøvhaugane slik at vi fekk snøven lenger ned på plenen