fredag 18. juni 2010

Blåtur



I går var eg på blåtur med jobben. Vi var først i Spjelkavik kirke der vi fekk høyre historia om utsmykkinga av kirka. Kunstneren Håkon Bleken har tegna fantastiske glassbilder der. Glassmester Gressdal har laga dei flotte bilda i glass og bly. Vi fekk forklaring i historia og symbolikken kor bilda er plassert i forhold til kvarandre.
Etterpå reiste vi heim til ein kollega. Der fekk vi god mat. Eine kollegaen vår er frå Fillipinene og ho hadde laga masse god fillipinsk mat til oss. Det smakte fantastisk. Seinere på kvelden blei det kaffi og kaker. Ein flott kveld blei det!
Sommergåvene eg blogga i går falt også i smak :-)

God helg til alle som er innom!

1 kommentar:

  1. Artig at det er din barndomsleikekamerat Even som har laga dei.Flotte er dei glassmaleria. Mamma

    SvarSlett