onsdag 31. august 2011

Ein sommer på hell

På den siste sommardagen passer det vel med litt reprise på sommarbilde. Mimmring over ein sommar som ikkje blei av den heilt store sorten- ivertfall ikkje solmessig
Sommarblomstrane hadde det nok beste inne, langt fra kalde varmegrader og regn.
Men vi hadde dagar, ivertfall timer med sol og då var livet på sjøen hærleg!
Livet i Kroatia var flott og der var det nesten for varmt. (Noko må ein no klage over :-) )
Vafler og kaffi er alltid bra også om sommeren.
I morgen er det haust ivertfall på kalenderen, men her håper vi på fine dager vidare.
 

mandag 15. august 2011

Jol

"Etter sol kommer regn" heiter det. Etter ein fantastisk dag i går kom regnet for fullt i dag. Eit bilde av Norges glasset mitt igjen. Mange bruksområder for dei. Ein Jol funne i grøftekanten pynter opp på stovebordet. Gir minner om barndommen då vi brukte  desse Jolane til å skyte rognebær.

lørdag 13. august 2011

Båttur

I dag har det vore ein flott sommerdag her. Mannen la frå seg garasjebygginga og vi tok ein båttur. Pakka med oss niste og badekle og viste ikkje heilt kor ferda skulle gå...
Vi tok retning Ålesund og der fekk vi auge på ei vakker øy ute i havgapet...dit reise vi!
Der blei det matpause på altanen til bror min og kona, ripsplukking,kaffi i solkråa til foreldra mine og grilling i gapahuken
Flott ver på heimvegen også.Stille sjø og lav kveldssol.

søndag 7. august 2011

Fjelltur

Fredag tok vi båt i lag med sviger`s til Lepsøya. Der blei det fjelltur. Vi gjekk opp til Storhaugen, vidare over Heia, til Måshamrane og Grønsletta og nedigjen fjellvegen. Ein flott tur i fint vær og i godt lag.
Storjoen held utsikt over Haramsfjorden ein stille sommardag.

I morgon er kvardagen her igjen. Sommarferien er over, men vi håper på meir sommar med det den har å by på.

Mini ferie

Blei så lei skodde og regn i ferien at vi evakuerte til Loen ein tur. Vi bodde fint og åt god mat. Vi tok turen til Briksdalsbreen ein dag.
Regnbogen i drivet frå fossen på veg opp.
Geiterams i grøftekanten
Briksdalsbreen hadde minka sidan sist eg var der.

I Loen vart det hærlege timar på bade - og spa avdelinga på Alexandria

Vi køyrde om Geiranger heim. Vi tok ferga til Hellesylt. Imponerande fjordgardar og flotte fossefall underholdt oss utover fjorden.