onsdag 30. desember 2009

Julegåve

Til jul ønska eg meg ei enkel stansemaskin. Den skulle eg bruke til å stanse ut bokstaver når eg lagar kort o.l. Hans Olav hadde fått med seg dette. MEN han hadde slått på stortromma og kjøpt ei som eg kan koble til datamaskina (og dermed på straum..han er jo trass alt elektirker og liker alt som går på straum). Dermed opnar det seg eit hav av moglegheiter for meg. Supert, men eg har nok mykje prøving og feiling framføre meg. Trur eg må på hobbybutikken og høyre om dei held innføringskurs. Eg er som tidlegare skreve ei kløne på dataen.



Maskina ser slik ut og virker i prinsippet som ein skrivar. Den skjære ut det som eg ynskjer frå dataen. Genialt.



Her har eg testa ut litt. Hat fått ut navnet mitt og eit juletre. Gler meg til å ta denne i bruk utover vinteren. Takk Hans Olav.

Snøfall

Då er romjula snart over og vi går inn i eit nytt år. Vi har hatt ei fin jul. Trefft familie og venner som er heime. Dagane har gått fort og det tyder på at ein har hatt det bra. I natt fekk vi eit kraftig snøfall og vi måtte bruke morgon timane til å måke fram bilen og innkjørselen



Jultreet på trappa fekk også sin del av snøven.



Her må det jobbes..



Alt dette kom i natt. Men fint er det når det ligg så lett som dette.

I morgen blir det middag hos svigers. Seinare blir det nyttårsfeiring saman med venner på Lerstad. Det gler vi oss til.

Godt nytt år.

onsdag 23. desember 2009

Juletreet



Årets juletre ferdig pynta. Bruker å pynte treet på kvelden, men i kveld skal vi til Mary Beate og Vidar. Der er blir mandel i grauten. Det blir kjekt sidan vi ikkje skal vere ilag i morga kveld. Som mange veit er eg svært kresen på juletre og bruker lang tid på å finne det rette. I år handla eg på første plassen og tenkte att dette får vere bra nok. Eg begynner å komme meg og Hans Olav var letter sjokkert når eg var ferdig så raskt. I år blei det sølv pynten som fekk pryde treet. Brukar å bytte litt frå år til år.



Desse søte englane fekk eg i adventskalenderen for nokre år tilbake. Dei får alltid plass på juletreet.



Litt meir av pynten. Fine glassstjerner frå Glassmagasinet



Duken under juletreet sydde eg for nokre år sidan og er koseleg å ta fram kvart år. Det er linstoff med filt og stoff hjarte applikert på.

Helsing Solveig

mandag 21. desember 2009

Jul i heimen

Då er det ikkje lenge til jul. Kjenner at eg gler meg til det. Har starta pyntinga, men treet må vente til lisje julaftan. Var å kjøpte det i dag og trur det skal bli fint når pynten og lysa kjem på plass.



Her er julekula mi. Hadde to, men den eine streika. Har hatt dei i fleire år og eg kjøpte dei hos Hersdal.



Norgesglassa mine er eg så fornøgd med og skaper fin stemmning i kjøkkenvinduet. Nissejenta frå Skaret held brannvakt.



Jul på kjøkkenet.



Må ha litt jul på trappa også. Saga meg ei gran på naboen ;-) si tomt..(fekk tilgivelse).Desse julekulene har eg også kjøpt hos Hersdal. Litt annleis en dei vanlege julelysa. (Kutta toppen ser eg)

Helsing Solveig

søndag 20. desember 2009

Julenatt



I kveld har vi vore i Pinsekirka på julspelet "Julenatt. Sjarmerande skodespelarar og dyktige sangere gjorde dette til ei fin oppleving.Det var fint pynta både inne og ute. Etterpå var det open kafe. Ein koseleg kveld i før julstida.

Helsing Solveig

fredag 18. desember 2009

Carola konsert




(Bilder frå nettet)

I går var vi på ein FANTASTISK julekonser med Carola i Ulsteinvik. Dette er min andre konsert med Carola og eg blei ikkje mindre Carola-fan etter denne opplevelsen. Ho sang kjente julesongar. Mellom songane leste ho frå juleevangeliet, heldt små andakter og kom med korte vitnesbyrd. Vi sat litt langt bake i salen og fekk ikkje den heilt nære opplevelsen, men når ho bevega seg bak i salen fekk også vi sett ho på nært hald. Eg og venninna mi reiser på neste konsert om vi enn må reise langt. Den dama kan synge!!

Hadde ikkje med fotoapparat, men på smp sine sider ligg det eit bildegalleri med bilder frå konserten.

onsdag 16. desember 2009

Pakkeleik

Her ein dag skulle eg på ei juleavsluttnig. Der skulle vi ha med tre pakkar til ein pakkeleik. Eg hadde sette fine pepperkake hus på bloggen til "Den gode fee" og blei inspirert til å ta med dette til leiken.




Her er husa komt seg inni steikeposen (hadde gått tomt for cellofan, og då må ein vere kreativ..) Husa står på ein papptallerken og ein kakeserviett.


Her er husa før dei blei pakka.
Husa vart populære så dette anbefales til gåver...

søndag 13. desember 2009

Fyrstikkesker



I desse juletider brenn ein mykje stearinlys. Eg har pynta fyrstikkesker i den anledninga. Eg har brukt papir, eikeblad og glitter. Med litt fantasi blir eikebladet til eit juletre i vinterskogen.

Helsing Solveig

lørdag 12. desember 2009

Pepperkakehus

Når en pepperkakebaker baker pepperkakekaker tar en første en stekepanne...
Slik blei ivertfall mitt pepperkakehus i år.

Amaryllis

Amaryllis høyrer jula med. Dei har fått stått kaldt på loftet sidan eg kjøpte dei. Men i går tok eg dei ned i varmen og håper at dei no sprett ut til jul.




Med litt mose og ei julesløyfe er dei klare til jul :-)

onsdag 9. desember 2009

Julekrybbe


I alt mas og tjas må vi ikkje gløyme hovedpersonen i jula. Eg har sett opp julekrybba på sin faste plass i kjøkkenhylla. Denne er litt moderne så eg ynskjer meg ei litt meir tradisjonell til jul i år...

Helising Solveig

tirsdag 8. desember 2009

Pakke i posten..


Det er ikkje kvar dag ein får pakke i posten, og ikkje har eg gebursdag heller. Pakken var frå veninna mi i Bergen. Som travel småbarnsmor og fulltidsstudent hadde det blitt lita tid til å lage kalender til meg i år(vi bruker å lage kalender til kvarandre). Så då sende ho denne koselege juleboka frå Tilda. Denne skulle eg kose meg med i adventstida og det har eg gjort.Her var det mykje fint. Tusen takk til Sonja!

Helsing Solveig

søndag 6. desember 2009

Engler og nisser

I går var vi ein tur til Molde. Kjekt å gå i litt andre butikkar enn på Moa og i Ålesund. Molde var fint julepynta og det var julestemning i gatene. Vi handla litt, gjekk på cafè og kosa oss. Etter på tok vi turen til Skaret. Her er det ulike handverksutsalg, lysstøyperi og kafeteria.



Denne søte nissejenta måtte eg berre kjøpe på Skaret.



Eg fekk den største engelen i sommer. I Molde var vi innom ein liten butikk som solgte glasskunst. Så no har engelen min fått seg selskap i glaskarmen.

Forsatt god advent.

Helsing Solveig

fredag 4. desember 2009

Vi tenner våre lykter...


To norges glass kan bli fin med eit lys, litt sløyfe og ein grankvist. Desse har fått plass i kjøkken vinduet.

tirsdag 1. desember 2009

Kos og hygge



Å pakke inn gåver er noko av det kjekkaste eg gjer. Har likt det sidan eg var lita. I år blei julegåvene pakka i rosa papir med heimelaga til/frå lapper. Gler meg til å pakke fleire og ikkje minst til å gi dei vidare.



Slik blei adventsstaken når den blei tatt i bruk. Blir fin når vi får tent i alle lysa etterkvart.. Advent er kosleg :-)

mandag 30. november 2009

Stjerner



















I år har eg kjøpt meg nye adventsstjerner til å ha i glasa på stova. Desse passa bra til dei nye møblane sidan foten var i olja eik. Lyset frå stjernene, gardinene, møblane, juleduken og snøven ute laga det rett kosleg her idag...

Helsing Solveig

Juleservise


I adventstida må ein huske å bruke juleserviset. Dette fine her fekk eg i julegåve i fjor. Det er handla på eit heime party.

Helsing Solveig

lørdag 28. november 2009

Advent


Ja då har den første adventshelga komt. Det er alltid kjekt å kunne leite fram pyntene igjen. Denne duken her har eg fått av mamma og eg synest at den er kjempe fin. Den skal få ligge på spisebordet no fram mot jul.

Helsing Solveig

fredag 27. november 2009

Lysfat


Har vore nokre dager heim hos mamma og pappa. Der fant eg eit gamalt sølvfat i kjellaren. Det viste seg å vere bryllaupsgåve til mi bestemor og goffar i 1947. Fekk pussa det og sett nokre fine lys på det. Eit kjekt minne.

Helsing Solveig

torsdag 26. november 2009

Adventsstake


I sommer fant eg ei fin rakved fjøl i fjøra. Den tok eg vare på - tenkte eg kunne bruke den til noko seinare. Her ein dag blei fjøla til ein adventsstake. Lys og tal blei kjøpt inn og resten fant eg på hobbykottet mitt.. No er vi klare til søndag.

Helsing Solveig

mandag 23. november 2009

Adventskalender



I helga var eg ein snar tur til Bergen. Der traff eg bl.a mi beste venninne gjennom mange år. Vi har i dei siste 10 år hatt til tradisjon å lage ein adventskaleneder til kvarandre. Dette har blitt ein koseleg tradisjon. I år vart den som eg gav vekk sjåande slik ut.

Eg har brukt ei papirkorg som eg fekk ein gong eg kjøpt ein blomster. Oppi den har eg pakkane. I kvar pakke er det festa ein tråd og eit hjarte med tall på. No er det berre å begynne å trekke snart...

Helsing Solveig

torsdag 19. november 2009

Julemesse


Kvart år bruker mamma, mi svigerinne, ein nabo og eg å ha julemesse i eit gamalt stabur på heimplassen min. Her bruker det å være salg av heimelagating og lefser. Dette er eit koseleg innslag i førjulstida. Vi serverer pepperkaker, gløgg, julemusikk og julestemning. I år er eg bortreist denne helga, men her er litt av det som er til salgs. Velkommen til Staburet.

Helsing Solveig


onsdag 18. november 2009

Tilda dukker




På hobbykottet har eg også ei symaskin som eg har fått av mi syglade mamma. Da Panduro katalogen kom i haust bestilte eg eit matrialsett av desse fine Tilda dukkene. No er dei ferdige og dei blei rett fine. Gler med til jul og at desse skal få seg ein fin plass i heimen.

Helsing Solveig

Velkommen til Hobbykottet

På denne blooggen vil eg legge ut noko av det som vert produsert på mitt lille Hobbykott.

Håper DU finner noko som kan inspirere deg.



Eg er bl.a glad i å lage kort og her er et eksempel på det.

Helsing Solveig