tirsdag 28. september 2010

Fiskebilder


Måtte berre vise fram kva mamma driv på med i fritida. Ho er ein kløppar på qvilting. Er det ikkje flott? I går var ho på besøk og hadde med seg desse to FLOTTE bilda ho hadde sydd. På barnehagen der eg jobbar har vi tema "HAVET" i år og då tenkte ho at vi måtte ha nokre havbilder.


Ho har altså sydd desse bilda slik at eg kan ta dei med til barnehagen der eg jobber. Det kallar eg super snill. Pappa har laga flotte rammer av gamle naustfjøler. Tusen takk begge to.



I morga skal eg ta dei med på jobb. Trur der blir nokre som blir glade då!

lørdag 18. september 2010

Noa`s ark


Nytt kort frå HOBBYKOTTET!

Bilder


Har laga meg nokre bilder på soverommet. Rammene er kjøpt på IKEA og danner eit tredimmensjonalt bilde. Kom ikkje fram på dataen kan ein seie :-(. Eg har bretta små fugler i eit mønstra papir og limt dei inni ramma og hengt dei etter kvarandre på veggen.

onsdag 15. september 2010

Fleire kort

Hausten er her for fullt og aktiviteten på Hobbykottet blir større. Eit stempel men to heilt ulike kort.


søndag 12. september 2010

Kort


Det er kjempe lenge sidan eg har laga kort ved hjelp av stempel. Kjøpte med nokre umonterte stempel her ein dag. Monterte det ein i går kveld og fekk "ånda" over meg. Kjempe kjekt var det å stemple igjen. Hadde nesten gløymt kunsten. Slik blei ivertfall søndags kveldens kort. Det blir nok fleire framover hausten.

Eg brukte embossing til stempelet. Farga det med akvarellfarger før det blei limt saman med kartong, knapper og band.

Lepsøytur

På Laurdag gjekk turen til Lepsøya. Vi stoppa hos bestemor på kvileheimen, fortsatte i gebursdagsselskap hos tante og onkel. På kvelden blei det pizza hos bestemor på "hjemmet" og Wii speling hos bror min.
Søndag gjekk vi ein tur og det blei mange fine haustbilder. Fortsatt sommerstemning på Kjerstadsanden.





Før og etter bilde av ein villsau.. :-)
Mamma laga favoritt middagen min - fårikål.

lørdag 4. september 2010

Haust


Då hadde sommarblomstrane gjort sitt på trappa. På Plantasjen hadde dei eit rikt utval av haustplanter. Velkommen skiltet kjøpte eg på Hvaler i sommer.


Ynskjer alle ein fin september.