søndag 27. november 2011

Adventsstake

No tenner vi det første lys
åleine må det stå.
Vi venter på det vesle barn
som i ei krybbe låg.
Adventsstaken i år er som i fjor med kvite kubbelys. Blei inspirert av alle dei flotte adventsstakane på nib sine sider og endte opp med lerkegriener og lille silkeband som dekor

mandag 21. november 2011

Tyttebærlynghjarte

Når eg var heime i helga plukka eg med meg ein del tyttebærlyng med tanke på at eg skulle lage meg eit hjarte til å ha på ytterdøra. Hjartet er laga ved at eg forma eit hjarte av streng og snurra på små bukettar av tyttebærlyng med ein tynn stålstreng. Fort og LETT.
Fekk litt lyng til overs og laga to små hjarte som fekk plass på kvar si dør på vitrineskapet. Ein tjuvstart på advent og jul kanskje.

lørdag 19. november 2011

Julemesse




Då er første dag av julemessa over. Godt besøkt i år også. Her er litt av det som eg hadde til salgs. Julekort og til / frå lappar.


Eg har "faste kundar" som vil kjøpe englar. Dei gjekk også i år fort unna.


Desse gåveøskjene var også populære. Fine til pengegåver.


Ellinor hadde også mykje fint. bl.a. smykker og hekle huer.


Wenche hadde bl.a fleire flotte slumretepper


Litt av alt det mamma hadde produsert. Løparar for ein kvar smak


Tilslutt ei engle pute frå mammas systove.
Vi held opent i morgon også frå klokka 16.00 - 17.00.

Velkommen!

På denne linken kan du lese meir om julemessa og om andre "nyheiter" frå Lepsøya.

tirsdag 15. november 2011

Julemesse

Det blir JULEMESSE på Seth i år også. Det blir opent Laurdag 16.00 - 18.00 og Søndag 16.00 - 17.00
Det blir som vanleg salg av handarbeid, villsauskin og lefser. Det blir servering av pepperkake, gløgg og julestemning.
Her ser du bilder frå i fjor

VELKOMMEN