mandag 18. november 2013

Tjuvstart


Det blei eit langt opphald. Datamaskina mi har "sagt opp" og blitt erstatta av ein iPad.
 Eg synes det er vanskelegare å blogge frå den.

Har starta med litt juleforberedelser. Har laga fin pynt av fimoleire (eller hobbyleire).
Trykte ut former med pepperkake formene. Brukte stempel og nokre blondebiter til å lage mønster (Bak lette over blonden med kjevlet).

Tenkte at dette skulle vere pynten på julegåvene i år.