fredag 20. desember 2013

Julebrus

 
Eg er heldig å jobbe saman med fleire flinke og dyktige damer.

 
Vi er ein barnehage der små og store trivast.
 I dag fekk eg fleire julehelsingar frå kollegaer og foreldre.
Dette er ALLTID kjekt.
Godt å få tilbakemeldingar på at folk er fornøgd med jobben ein gjer.

 
Fekk blant anna desse stilige julebrusflaskene.
 
Toppen av kreativitet.
Tusen takk Elisabeth :-)
 
God helg - snart juleferie!
 
 
 
 
 

søndag 15. desember 2013

3. søndag i advent

 
"Nå tenner vi det tredje lys,
det er et hellig tall.
Vi venter på at kongen vår
skal fødes i en stall."
 
 
Tre lys er tent og jula nærmer seg.
I helga har vi vore på "Julenatt".
Det har blitt ein fin tradisjon i adventstida.
 
På søndagsturen plukka eg med meg ei lita furu.
Den har fått plass i Norgesglaset.
 
 
 
 

fredag 13. desember 2013

Julebord

 
I går hadde vi julebord med jobben.
Vi hadde ein kjekk kveld på Devold fabrikken i Langvågen.
 

 
Vi fekk servert middag i Kølbua. Her var det varmt og godt.
Ute bles restane av uveret "Ivar".

 
Vi skulle ta med ein pakke til ein pakkeleik.
 Eg pynta pepperkakestjerner til å henge vindauget.
 
Pynta pakken med ei kvit fjør og ein pakkelapp av pepperkake.
Pakken fall i smak -  og det er alltid kjekt.
 
 
 
 
 
 
 

onsdag 11. desember 2013

Pepperkaker

 
Fridag og ny kakesort i boksa.
Med ferdigkjøpt deig er det fort gjort å lage pepperkaker.
 
Nokre fekk litt melis på seg, andre får klare seg utan.
 
Snøven er vekke og gradestokken viste 14 grader pluss i dag.
 
 
 

søndag 8. desember 2013

Julegåver

 
 
"Nå tenner vi det andre lys,
da kan vi bedre se.
Vi venter på at Gud, vår Far;
vil gi sin sønn hit ned."
 
Då har vi tent det andre lyset i adventsstaken.
 Ute er det julestemning med mykje snøv og nokre minus grader.
 
Eg har starta med å pakke inn julegåver i dag.
Dette er noko eg koser meg med like mykje kvart år.
 
 
 
 
 
 

søndag 1. desember 2013

1. søndag i advent

 
"Nå tenner vi det første lys,
alene må det stå.
Vi venter på det lille barn
som i en krybbe lå."

 
Lysestakar og tal frå Kremmerhuset

 
Ynskjer alle ein fin 1. søndag i advent.