søndag 31. juli 2011

Kort

Sommaren uteblir og Hobbykottet som egentleg har sommarstengt har opna igjen. Klipp og lim høyrer liksom ikkje sommaren til. Då skal ein vere ute, grille, fiske og gå barbeint. Heklesakerne har også komt fram her i huset. Dagens kort er til morgondagens jubilant.

torsdag 28. juli 2011

Ferietur

Vi ferierer på Lepsøya nokre dager. I går fekk traktoren seg ny heim. Låven var for lav for den nye traktoren. Derfor måtte det lagast ny plass i gamle landkjellaren. Saging av plater, flytting av ein båt og riving av golv måtte til. Her er pappa i gong med saginga.

Pappa har fortalt om fjøremakkane dei brukte som agn når han var liten. Vi trudde han overdreiv når han fortalde kor store dei var, men det stemte. Desse ligg nede i sanden og etter let seg ruer av sand på overflata.

På kvelden blei det fisking og grilling i Hellevika

Ferske gardsegg til frokost og til kakebaking.

Mamma og Pappa har 38 års bryllupsdag i dag. GRATULERER! Eg laga ein bukett av blomster frå hagen deira. No blir det sosakjøtt til middag og kaffigjester om ei stund. Fortsatt god sommer til alle som er innom.

onsdag 20. juli 2011

Kroatia

Vi har vore 1 veke i Split i Kroatia. Vi bodde på eit kjempe fint hotell rett ved stranda.
Flott baseng område, men vi bada berre i sjøen. Liker best det.

Hotellet hadde eigen marina. Her låg det digre båter ein berre kan drøyme om. Hadde vi 6500 euro til overs kunne vi låne ein av dei i ein dag!!! Berre å spare!

Hotellet hadde eigen buss som gjekk til byen Spilt kvar time. Eit flott tilbud som vi benytta oss av. Her er eit kveldsbilete av byen i solnedgangen og i 35 grader pluss. Godt og varmt.

Vi hadde med oss snorkel og gjekk litt utanfor stranda for å snorkle litt.
Vi hadde ein flott ferie, god mat og ikkje minst sol og varme

lørdag 2. juli 2011

Sommer

Margarittane strekjer seg mot den lenge etterlengta sola.
 For nokre år sidan fekk eg ei Pionrot frå farmor i Volda.   Endeleg - i år kom det blomster. Vakre!

Garasja tek form og i dag var det ver til å måle. Blir kjekt å få godt med bodplass.

fredag 1. juli 2011

Ordspel

I dag var det gåvedryss på jobb. Barna tek ferie og nokre skal byrje på skulen. Nokre av borna kjem med kjekke helsingar og gåver til oss vaksne og det set vi stor pris på. Eg fekk også sommarhelsingar frå kolegaer.

 I år har barnehagen jobba med "HAVET" og neste år skal vi arbeide med "SKAPINGA" Måtte berre ta med helsinga frå gode Elisabeth: "Då har vi komt oss i havn i år også. Havet var stort og flott! Liker å vere ombord med dokke, og at vi styrer mot samme havn. (Vi har jo samme kaptein). Så seiler vi vår eigen sjø i sommer, og møtast til hausten til skapinga av noko nytt :-) God sommer!