torsdag 28. juli 2011

Ferietur

Vi ferierer på Lepsøya nokre dager. I går fekk traktoren seg ny heim. Låven var for lav for den nye traktoren. Derfor måtte det lagast ny plass i gamle landkjellaren. Saging av plater, flytting av ein båt og riving av golv måtte til. Her er pappa i gong med saginga.

Pappa har fortalt om fjøremakkane dei brukte som agn når han var liten. Vi trudde han overdreiv når han fortalde kor store dei var, men det stemte. Desse ligg nede i sanden og etter let seg ruer av sand på overflata.

På kvelden blei det fisking og grilling i Hellevika

Ferske gardsegg til frokost og til kakebaking.

Mamma og Pappa har 38 års bryllupsdag i dag. GRATULERER! Eg laga ein bukett av blomster frå hagen deira. No blir det sosakjøtt til middag og kaffigjester om ei stund. Fortsatt god sommer til alle som er innom.

1 kommentar:

  1. Kjekt å ha besøk av dåkke. Får håpe på litt sol og varme den siste ferieveka, det treng oss. Vi har hatt ein fin tur til Sandsøya og Kvamsøya i dag. Mamma og pappa

    SvarSlett