fredag 25. februar 2011

Hekleteppe

Då er eg i gong med hekleteppet mitt. Det går som dåkke ser i bruntoner. Skal passe til interiøret til bilen mannen pusser opp. Ein bil som ein morfar har eigd må ha eit bestemorsteppe i baksetet. Så då har familie kappløpet starta. Kven blir først ferdig? Bilen ligg i 1000 deler og eg treng vel 250 - 300 ruter. Det gjeld å kose seg undervegs trur eg og ikkje tenkje på at vi skal bli ferdige. God helg!

onsdag 23. februar 2011

SOL

Sola skin frå blå himmel. Minuset er at ein ser at vindua skulle ha hatt ein vask og at støvet ligg fint på alle flater. Heldigvis så ligg det godt der :-)

fredag 18. februar 2011

Pengsluk 2

 Då er vi eller rettare sagt mannen i gong med prosjekt pengesluk 2. Prosjekt 1 kan du lese om her. Litt av plenen og mykje av sola mi er ofra. Her ein dag kom eg heim, rygga bilen av gamal vane inn på parkeringsplassen og vips stod bilen på halv åtte og eg hylte. Der hadde vist ein gravar gjort jobben sin og og eg hadde ikkje sett meg godt nok for. Gjekk bra med både bil og førar.

På garasjetomta stod det ei bod. Den hadde mannen planer om å flytte. Han kalla inn til dugnad. Sterke kara dukka opp men boda var ikkje så samarbeidsvillig og klappa saman som eit korthus. Her ligg den.  I morga blir den kappa opp til ved. Vi treng no ved også - dog litt dyr. Men pytt, det gjeld å vere positiv!

onsdag 16. februar 2011

Hekling

 På måndag var eg på heklekurs i regi av husflidslaget. Vi var ca 20 stk med svært lite erfaring med heklenåla. Men med tålmodige damer med lang hekle erfaring gjekk det ganske bra med dei fleste. Målet var å lære å hekle oldemorruter. Etter nokre prøvelapper slapp dei oss laus på rutene. Heklinga gjekk greit, verre var det å lese oppskrifta men det kjem vel med trening. Eg klarte å hekle den fredig på eigahand heime.
Ein prøveblomst av luft - og kjedemasker.

søndag 13. februar 2011

Søndagstur

                     I dag har vi rusla ein tur i byen. Fint ver og mykje folk.

fredag 11. februar 2011

Helg

Då var det ENDELEG helg. Det er like godt kvar fredag. Heile helga ligg føre deg og ein kan slappe av og kose seg. Vermeldingane er supre og skia "roper" etter ein luftetur. Kankje tek vi turen til Strandafjellet og opning av Roaldstrekket eller kankje eg skal halde sofaen med selskap. Vi får sjå. God helg ivertfall.

onsdag 9. februar 2011

Tulipaner

            Flotte tulipaner med nokre kirsebærgreiner og loddne gåsungar.
 
                                                          VAKKERT

søndag 6. februar 2011

Orden i heimen

I helga har eg fått orden i sakene både på boda og på Hobbykottet. Vi bytta ut ein gamal frysar med eit nyinnkjøpt fryseskap. Det blei bedre plass på ei lita og trang bod og mykje meir oversikteleg i frysaren.

På Hobbykottet har eg lenge hatt system i rotet, noko som er bedre en rot i systemet. Men i dag har det blitt tellekantar i stoffa og orden i bokser og kasser. La det vare!

God veke til alle som er innom!

onsdag 2. februar 2011

Storbåra

 I det siste har det vore mykje vind. I helga var vi på Lepsøya og i Hellevika blåste det godt. Norke bilde blei det før linsa var full av saltdrev. Godt med frisk havluft!
Storbåra i Hellevika.