fredag 18. februar 2011

Pengsluk 2

 Då er vi eller rettare sagt mannen i gong med prosjekt pengesluk 2. Prosjekt 1 kan du lese om her. Litt av plenen og mykje av sola mi er ofra. Her ein dag kom eg heim, rygga bilen av gamal vane inn på parkeringsplassen og vips stod bilen på halv åtte og eg hylte. Der hadde vist ein gravar gjort jobben sin og og eg hadde ikkje sett meg godt nok for. Gjekk bra med både bil og førar.

På garasjetomta stod det ei bod. Den hadde mannen planer om å flytte. Han kalla inn til dugnad. Sterke kara dukka opp men boda var ikkje så samarbeidsvillig og klappa saman som eit korthus. Her ligg den.  I morga blir den kappa opp til ved. Vi treng no ved også - dog litt dyr. Men pytt, det gjeld å vere positiv!

4 kommentarer:

  1. Ja det er løye kva som går med rå muskelkraft. :)

    SvarSlett
  2. Ho ho ho..syns ej ser dej Solveig! offa. Dåkke e arbeidsomme i alle fall! :)

    SvarSlett
  3. Må sei dåkke byfølke e fin på det, ei veke fyre dåkke med sofaer, og ei veke med fin hagebod. Redd før insekt i vej frå landet?

    SvarSlett
  4. Sofaene varma godt dei og det kjem boda også til å gjere. Redd for øyslus og det som verre er. Trur ho mor var glad for at sofaene havna i ovnen min eg.

    SvarSlett