onsdag 26. januar 2011

Snøkrystaller

I kveld blei desse snøkrystallane laga på Hobbykottet. Laga dei av papirremser, blonder og ein knapp. Blei fine i trollhasselen som har fått behalde lyslenka si litt til.

tirsdag 18. januar 2011

Fleire minner

Bestemor hadde dette fatet på kjøkkenveggen. Eg har eit lignande fat kjøpt på loppemarked. Men dette gir gode minner som det andre ikkje gir.

Søskenbarnet mitt tok med seg eit fat med bilde av Kong Haakon på. Når ho var lita jente lurte ho på kvifor bestemor hadde eit fat på veggen med bilde av nabo Borgeteigen på. Det var ei viss likheit :-). Gode bardomsminner. Det blei mange slike historier når alle søskenbarna var samla forrige veke.

mandag 17. januar 2011

Roser

I dag fekk eg denne FLOTTE rosebuketten med mine like FLOTTE kollegaer. Den var berre heilt nydeleg. Den skal eg passe godt på. Tusen takk!

lørdag 15. januar 2011

Arvegods

Eg  mista begge bestemødrene mine forrige veke og denne veka har eg hatt fri frå jobb og vore i begravelser.
Eg arva bl.a denne saftmuggen. Den har eg alltid likt godt og bestemor sa at denne skulle eg få ein dag. Den bringer mange gode minner fra barndommen.
Bestemor hadde også dette flotte seviset her i skapet sitt. I dag har det fått plass i mitt skap. Frå den andre bestemora har eg tidlegare arva ei flott krystallysekrone. Den kan du sjå HER.

søndag 9. januar 2011

Nytt år

Då er vi godt i gang med det nye året. Jula er rydda vekk og alt blei lysare og lettare. Ute er det godt med snøv, men dagane blir stadig lengre og det går mot VÅR!!