lørdag 28. august 2010

Lysekrone


Tenkte eg måtte vise fram "nye" lysekrona mi. Den har vore bestemor mi si. Den har ikkje vore i bruk på mange år, men med litt vask, puss og hjelp frå ein snill elektriker lyser ho fint igjen.


Har hengt den på kjøkkenet. Blei fint synest eg. Kom ikkje fram på bildet heilt..ikkje har eg rydda bordet heller ser eg..;-)

søndag 22. august 2010

Goaldet rett opp

I går arrangerte Lepsøy idrettslag Goaldet rett opp. Vi tok del i mosjonistklassa.
Dei raskaste sprang opp på ca 22 minutt. Vi brukte litt meir..

Her har vi komt til Heia. Lihalsen er ei bratt kneik og her er vi på veg opp den.

Flott utsikt på toppen. Her vart det servert gratis kaffi og vafler laga på bål. Premieutdeling var det og.
For å sjå fleire bilde sjå denne bloggen

torsdag 19. august 2010

Ny sykkel


Min kjære mann fant ut ein dag at eg trengte meg ny sykkel. Min gamle DBS sykkel frå studietida hadde visst gått ut på dato. Sykkelen blei lagt ut på finn.no og i dag blei den solgt til ei hyggeleg dama frå Moa området. Vi tilbydde oss å levere den til henne. Sidan vi først hadde på sykkelstativet kunne vi like godt kikke etter ein ny sykkel med det same. Som sagt så gjort og dermed var eg iløpet av kort tid eigar av denne sykkelen. Det er ein hybrid sykkel og MYKJE lettare en den gamle. Eg har fått fleire gir og bedre komfort, ja i den grad ein kan få komfort på ein sykkel. Då har eg inga unnskylding for å ikkje sykle lenger..
God tur!

mandag 16. august 2010

Lykt


Har laga meg ei sommerlykt av eit sylteglas. Ein papirstrimmel som eg limte på med decoupage, ein blonde og litt hyssing.


Har den ute på solplassen, og den skaper stemmning på ein sein sommerkveld.

søndag 15. august 2010

Sommergåve


Måtte vise fram dei nye krusene eg fekk i sommergåve frå svigerinna mi i går. Dei var berre kjempe fine og kjem frå PIP serien. I dag blei dei brukt til kaffi på verandaen. Sol og sommer!


Sommerblomstrane står fint og nyter sol og varme dei og. Helga er snart over og jobben venter! God veke til alle saman!

mandag 9. august 2010

Solsikker♥♥♥

Solsikker er som tidlegare skreve på bloggen min FAVORITT blomster. Den er berre så fin og STRÅLANDE!

Desse flotte her fekk eg av bestemora mi som var innom på besøk på fredag. 92 1/2 år og på tur til "bya". Ikkje verst!

Sjå kor fine dei er!

Solsikker er eg så glad i at eg hadde det i brudebuketten min. Den har eg fått mykje skryt av. Synest den er like fin i dag som for 8 år sidan.

Kvardagen er tilbake her i huset. Det var litt tungt å stå opp i dag tideleg.
Mange synest det er godt å "komme i gjenge igjen", men eg for min del synset det er heilt greit å vere "ugjenge". Ferie er best uansett! På jobb er det full rulle med tilvenning av nye barn. Mannen i huset er på jobb endå, så hans start blei ivertfall brå.