lørdag 10. september 2011

Loppemarked


I går var eg på loppemarked. Eg handlar ikkje så mykje, men finn no noko kvar gong. I år falt eg for dette bildet. Såg på det når eg kom og når det framleis hang der etter ei stund var det sikkert meininga at eg skulle kjøpe det. Bildet er fint, men ramma er litt skada, men det er berre sjarmerande når bilda er gammle. Her er eit anna loppefunn eg har gjort tidlegare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar