lørdag 12. mars 2011

Framdrift

Mannen i huset byggjer for tida garasje. Det går stadig framover og murane har komt opp. Elektikaren har lagt opp til lys både her og der og til og med til eit eventuelt bobblebad til meg :-)

Mitt prosjekt for tida er hekling. Hekleteppet går framover. I desse VM tider kan eg seie at eg ligg foran skjema. Men i dag har eg øvd meg på å lese mønster og fått til denne rosetten.

1 kommentar:

  1. Dåkke kjem nok "i mål" begge to. Blir nok ikkje noko tull med det elektriske i den garasja. Og eit boblebad hadde gjort seg. Mamma

    SvarSlett