Desse flotte her fekk eg av bestemora mi som var innom på besøk på fredag. 92 1/2 år og på tur til "bya". Ikkje verst!
Sjå kor fine dei er!
Solsikker er eg så glad i at eg hadde det i brudebuketten min. Den har eg fått mykje skryt av. Synest den er like fin i dag som for 8 år sidan.
Kvardagen er tilbake her i huset. Det var litt tungt å stå opp i dag tideleg.
Mange synest det er godt å "komme i gjenge igjen", men eg for min del synset det er heilt greit å vere "ugjenge". Ferie er best uansett! På jobb er det full rulle med tilvenning av nye barn. Mannen i huset er på jobb endå, så hans start blei ivertfall brå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar