torsdag 25. februar 2010

Gåver

Då har eg takka for meg på jobb. Har jobba der i snart 8 år og var veldig klar til å skifte beite. Frå 1. mars starter eg på nytt i ny jobb i "ny" barnehage og eg kjenner at eg gler meg til det. Dei siste dagane har eg fått mange flotte avskjedsgåver både frå kollega, foreldre og barn. Det set eg stor pris på og det blir kjekke minne å ha.



Her har eg lært meg å lage fotomontasje. Den viser noko av det fine eg har fått.

onsdag 17. februar 2010

Gratulerer med dagen

I dag fyller min mann 32 år. Hipp hurra for han. I kveld blir det selsakp med kaker og familie. Gratulerer med dagen!

torsdag 11. februar 2010

Zalo

Oppvask er vel ikkje av det kjekkaste som fins, men noko som berre må gjerast. Hadde lenge leita etter ei glasflaske eg kunne ha zaloen min på. Fann denne flotte Hansa flaska frå Hansa Bryggeri på eit loppemarked i haust. Tenkte eg skulle vise kor mykje meir dekrativt det kan bli.



Med matchande tvøge og oppvaskkost skulle ein tru oppvasken gjekk som ein leik. Trur det hjalp meir på det estetiske på kjøkkenet enn på arbeidslysta gitt...

onsdag 10. februar 2010

Ja eg lever..

Ja eg lever..det var nokon som lurte sidan bloggen ikkje var oppdater på ei laaang stund. Men no er eg tilbake. Har leie med spysjuka i 3 1/2 dag. Det var heilt grusomt, som det alltid her. Men denne gongen varte det vel lenge synes eg. Var heilt utmatta og har ikkje komt meg heilt til hektene igjen. Men i morgon skal eg ha ein feriedag. Skal slutte i jobben min 1. mars og må derfor få tatt ut rester av ferie og avspasering.

Vi har kjøpt oss ny seng. Men pga sjukdom og dugnadsarbeid har den stått i gangen nokre dager. Men i kveld fekk Hans Olav tid til å få satt den på plass. Spennende å kjenne om vi liker den når kvelden kjem. Alltid uvant med det samme.

Den gamle har vi satt opp på det eine rommet på loftet. Så då har vi fått gjestesenger. Så då er det berre å melde seg på.. ;-). Rom 201 er ivertfall klart til å ta imot gjester. Velkommen.



Her er et lite bilde av nye senga. Håper å få sove..