mandag 11. januar 2010

Jula ut, "våren" inn.

I dag var tida for å kaste ut jula komen. Juletreet var "sliten" og hang med greinene og då er vel stasen over for denne gongen. Litt trist er det, men alt blir så luftigare og reinare når alle pynten blir vekke. Har fått rydda i julekassene og fått dei på plass på loftet.



Desse flotte tulipanane vekk eg før helga og dei står fint endå. Deilig med litt friske vårfarger.



Julestjernene er bytta ut med vårlege krysantimumer.

2 kommentarer:

  1. Det såg nesten ut som du hadde plukka inn krokus.Så no venter du på våren, men det blir nok fleire snøripper.Eit er sikkert,det går i allefall mot lysere tider.Mamma

    SvarSlett
  2. Du viser store kontrastar mellom snøhaugane på Leirjordet og lekre tulipanar i stova. Kos deg med vårstemning inne medan snøen ligg rundt husveggane! Vinter både ute og inne på Stranda. Lise

    SvarSlett