søndag 12. januar 2014

Helgebesøk

 
Laurdag hadde vi venner på middag. Til dessert laga eg
Panna Cotta. Dette er ein rask, enkel og super god dessert.
Fylte desserten oppi små skåler og toppa det med en frisk bringebærsaus.
 

 
Besøket hadde med seg vårlege tulipaner.
 
Takk for ein koseleg kveld!
 
 

fredag 20. desember 2013

Julebrus

 
Eg er heldig å jobbe saman med fleire flinke og dyktige damer.

 
Vi er ein barnehage der små og store trivast.
 I dag fekk eg fleire julehelsingar frå kollegaer og foreldre.
Dette er ALLTID kjekt.
Godt å få tilbakemeldingar på at folk er fornøgd med jobben ein gjer.

 
Fekk blant anna desse stilige julebrusflaskene.
 
Toppen av kreativitet.
Tusen takk Elisabeth :-)
 
God helg - snart juleferie!
 
 
 
 
 

søndag 15. desember 2013

3. søndag i advent

 
"Nå tenner vi det tredje lys,
det er et hellig tall.
Vi venter på at kongen vår
skal fødes i en stall."
 
 
Tre lys er tent og jula nærmer seg.
I helga har vi vore på "Julenatt".
Det har blitt ein fin tradisjon i adventstida.
 
På søndagsturen plukka eg med meg ei lita furu.
Den har fått plass i Norgesglaset.
 
 
 
 

fredag 13. desember 2013

Julebord

 
I går hadde vi julebord med jobben.
Vi hadde ein kjekk kveld på Devold fabrikken i Langvågen.
 

 
Vi fekk servert middag i Kølbua. Her var det varmt og godt.
Ute bles restane av uveret "Ivar".

 
Vi skulle ta med ein pakke til ein pakkeleik.
 Eg pynta pepperkakestjerner til å henge vindauget.
 
Pynta pakken med ei kvit fjør og ein pakkelapp av pepperkake.
Pakken fall i smak -  og det er alltid kjekt.
 
 
 
 
 
 
 

onsdag 11. desember 2013

Pepperkaker

 
Fridag og ny kakesort i boksa.
Med ferdigkjøpt deig er det fort gjort å lage pepperkaker.
 
Nokre fekk litt melis på seg, andre får klare seg utan.
 
Snøven er vekke og gradestokken viste 14 grader pluss i dag.
 
 
 

søndag 8. desember 2013

Julegåver

 
 
"Nå tenner vi det andre lys,
da kan vi bedre se.
Vi venter på at Gud, vår Far;
vil gi sin sønn hit ned."
 
Då har vi tent det andre lyset i adventsstaken.
 Ute er det julestemning med mykje snøv og nokre minus grader.
 
Eg har starta med å pakke inn julegåver i dag.
Dette er noko eg koser meg med like mykje kvart år.
 
 
 
 
 
 

søndag 1. desember 2013

1. søndag i advent

 
"Nå tenner vi det første lys,
alene må det stå.
Vi venter på det lille barn
som i en krybbe lå."

 
Lysestakar og tal frå Kremmerhuset

 
Ynskjer alle ein fin 1. søndag i advent.