tirsdag 10. januar 2012

Ny hue


Inspirert av ski hua til langrenns landslaget og litt kikking på hekleblogger har eg hekla meg ei ny hue.


No er det berre å vente på snøven og at eg kan ta ein skitur.
Hua er hekla i fastemauskar med heklekrok 6.5.

søndag 8. januar 2012

Søndagstur

                        I dag har det vore kaldt og fint og vi har gått tur på Aksla.


Ålesundet ein kald januardag


På Lepsøya skein sola

mandag 2. januar 2012

2012


Ynskjer alle godt nytt år med nokre rakettbilde frå nyttårs aftan.


Kvelden blei feira med familien heime på Lepsøya



"Dagmar" hadde lagt opp mykje tare, stein og rot på markane.


Her må det nok ryddast til våren.

lørdag 24. desember 2011

Julaftan


Juletreet blei pynta med den raude pynten i år. Pynten "forsvant" litt på bildet ser eg, men fint blei det. Med ny juletrefot i heimen gjekk det som smurt å få treet på plass!


I fjor kjøpte eg desse søte soppane på salg og i år fekk dei plass på treet.


Julefrokosten er inntatt. Mannen i heimen var tideleg opp å laga lutefisk til frokosten. Dette  er ein tradisjon han har tatt med seg heimafrå. Ein tradisjon han får ha for seg sjølv :-)

Då ynkjer eg alle ei GOD JUL!

torsdag 22. desember 2011

God jul


Då begynner det å bli jul i heimen. Juleblomster er i hus.


Ei sløyfe pynter opp lysestaken.


Norgesglasa har også fått raudsløyfe. Raude t-lys og nokre julestjerner eg pynta bordet med i fjor har komt oppi.


Adventstaken har blitt forvandla til ein julestake.

I morgen er det siste dag på jobb og tid for å pynte juletreet, julegraut og juleferie.

torsdag 8. desember 2011

Julegåver


Innpakking av gåver er ein koseleg førjulsaktivitet. I år blei det gull papir, brunt band og heimelaga lapper med god jul stemplet.


Har perla snøkrystaller med nabbi perler som eg fester på til pynt,


Då er det berre å glede seg til å gi dei vekk.

mandag 5. desember 2011

Advent


Norgesglasa mine har fått ei lilla sløyfe på seg. Lilla t-lys i gamle sandkakeformer. Slikt blir det adventsstemning av.