onsdag 4. mai 2011
Ny dugnad
Eit innlegg for dei som er interesserte i garasjebygginga vår. I kveld var det dugnad igjen og mykje blei gjort - alt for handemakt og med rå muskelkraft! Dyktige karar. Takk for insatsen og takk for besøket til karane sine bedre halvdeler.
søndag 1. mai 2011
1-2-3-4
Endeleg var dagen komen då mannen kunne begynne på garasja si. Det har han venta på lenge. Laurdag var strerke karar kalla inn til dugnad for byggjetrinn 1. Veggane var oppe på rekordtid. Neste trinn blir endegavlar og takstoler.
Ellers har helga vore prega av eit FANTASTISK ver. Vi har vore på grilling, gått tur i Borgundgavelen, ete is og vore plaga av pollenallergi (snufs og atsjo..kjedelige greier).
Ellers har helga vore prega av eit FANTASTISK ver. Vi har vore på grilling, gått tur i Borgundgavelen, ete is og vore plaga av pollenallergi (snufs og atsjo..kjedelige greier).
tirsdag 19. april 2011
mandag 18. april 2011
Påskeferie
Då er det påskeferie i heimen. Tenkte å reise til Bjorli nokre dager, men veit ikkje heilt. Lite snøv og ikkje heilt toppers ver gjer at vi held oss heime endå. Det har blitt litt påske på trappa. Nokre løkplanter og litt stemorsblomster gjorde seg. I hagen blomstrer krokusen og snøklokkene. VÅR!!!
Mannen trur at våren er komen for å bli og sommerdekka har komt på plass i dag. Bilen er blitt vaska og då er alt reint og pent - som vanleg!
lørdag 16. april 2011
Påskekort
Ein kollega fyller år i dag og eg laga dette kortet til ho. Temaet var påske og kyllingane er to blåskjell eg har måla gule. Då er det påskeferie her i huset og det kjennes godt. Håper på sol og fint ver etter kvart og kanskje ei litt mindre vinter bleik hud. Det hadde gjort seg. God påske alle sammen.
søndag 10. april 2011
Vårtegn
På ein liten tur i dag i 14.4 grader på Lepsøya fant eg alle desse flotte vårtegna. Årets to første lam kom til verda og då er våren her for alvor. No blir det spanande å sjå kor mange det blir i år. Nesten trist å tenkje på at dette er julemiddagen om nokre år. Ikkje rart at pinnekjøtt ikkje er min favoritt. Man spiser liksom ikkje "vennene" sine. Det er slike dager ein kan lurer på om ein skal bli vegeterianer.
lørdag 9. april 2011
60 år
Gratulere så mykje med 60 års dagen mamma.
Da mødre ble til, var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg som ingen andre har.
De har en hånd som hjelper, de lytter & forstår.
De trøster deg gjerne, og blir når andre går.
Derfor har vi mødre, og dersom du spør meg;
Den BESTE mamma i verden, det er jo nettopp DEG!

Abonner på:
Innlegg (Atom)