fredag 30. mars 2012

God påske


Då var det påske. Ei heil veke med fri og ingen planar!


Tar med påskehelsingane eg har laga. Fetaostglas har blitt pynta i påskefargar og fylte med påskesnop.


God helg og god påske!

søndag 25. mars 2012

Valnøttboks


Ei lita prinsesse fekk ei lita gåve i dag.


Gåva var pakka inn i ei litt forkledd valnøttboks.


Takk for ein fin dag!

mandag 19. mars 2012

Vårlege blomster


Det har vore er lang pause frå bloggen og folk har spurt etter meg. Kjekt at eg blir sakna!
Trappa er vårleg med påskeliljer. I dag tideleg var dei nedsnøva, men no har dei rista snøven av seg og håpar på finare ver.



Inne er det tulipanar i friske fargar som pynter opp.

Til Sonja: Gratulerer så mykje med guten!