lørdag 25. februar 2012

Kappløpet



I fjor 25. februar kunne du lese om kappløpet i familen. Eg med heklenåla og mannen med bildelane. Kvifor mannen held på med bildeler kan du lese om her. Men denne "kjære" bilen må ha ei garasje (les: flott heim). Mannen fekk sett den opp i sommar og i vinter har han hatt arbeid med å innrede den. Trudde egentlig ikkje at garasje blei innreidde, men der tok eg feil.


Her er det varmekablar i golvet, isolerte veggar og tak. Her blir det spottar til kvardagsbruk og lysarmatur til arbeidsbruk. Sidan dette tek tid og bilen framleis stend i 1000 delar har eg ikkje stressa med mitt prosjekt. Trur eg leder klart.



Det går framover, men ikkje så fort. Eg er ferdig med ca 120 ruter så eg nærmar med halvvegs.

God helg!

onsdag 22. februar 2012

Marius genser


Heldige meg som har ei strikkeglad svigermor


Tusen takk!