lørdag 24. desember 2011

Julaftan


Juletreet blei pynta med den raude pynten i år. Pynten "forsvant" litt på bildet ser eg, men fint blei det. Med ny juletrefot i heimen gjekk det som smurt å få treet på plass!


I fjor kjøpte eg desse søte soppane på salg og i år fekk dei plass på treet.


Julefrokosten er inntatt. Mannen i heimen var tideleg opp å laga lutefisk til frokosten. Dette  er ein tradisjon han har tatt med seg heimafrå. Ein tradisjon han får ha for seg sjølv :-)

Då ynkjer eg alle ei GOD JUL!

torsdag 22. desember 2011

God jul


Då begynner det å bli jul i heimen. Juleblomster er i hus.


Ei sløyfe pynter opp lysestaken.


Norgesglasa har også fått raudsløyfe. Raude t-lys og nokre julestjerner eg pynta bordet med i fjor har komt oppi.


Adventstaken har blitt forvandla til ein julestake.

I morgen er det siste dag på jobb og tid for å pynte juletreet, julegraut og juleferie.

torsdag 8. desember 2011

Julegåver


Innpakking av gåver er ein koseleg førjulsaktivitet. I år blei det gull papir, brunt band og heimelaga lapper med god jul stemplet.


Har perla snøkrystaller med nabbi perler som eg fester på til pynt,


Då er det berre å glede seg til å gi dei vekk.

mandag 5. desember 2011

Advent


Norgesglasa mine har fått ei lilla sløyfe på seg. Lilla t-lys i gamle sandkakeformer. Slikt blir det adventsstemning av.

lørdag 3. desember 2011

Julegardiner


I år har mamma sydd nye julegardiner til meg. Eg har tenkt og tegna mønster mens mamma har sydd.
Eg har teke utgangspunkt i juleserviset mitt og tegna av engelen der


Her ser dåkke detaljane på kappene. Englar på to og hjarte på tre.
Takk mamma.