lørdag 27. november 2010

Advent


I dag har eg laga til årets adventstake. Bruker rakvedfjøla mi i år også. I år har talla blitt festa med hampetau og pynten er stjerner av bjørkenever, pynta med glitter.

Trollhasselen min har fått seg ei lyslenkje til advent. Nokre englevingar og eit papirhjarte har også fatt plass. I Norges glasset har eg putta nokre furukongler som har fått på seg litt glitter.

Ynskjer alle ei koseleg adventstid.

lørdag 20. november 2010

Julemesse

Då er første dag av julemessa over. Også i år med MASSE folk og gode tilbakemeldingar. Eg hadde ein del engler og alle har fått seg ein ny eigar i dag. Pepperkakehjarta eg blogga her ein dag gjekk fort unna og det same gjorde villsauskinna. Bjørkekjegla bak på bildet kunna eg ha seldt mange av (kjem ikkje fram på bildet, men det er bjørk med små lys som er stramma saman med ein tynn streng. Fine til å ha på trappa).
Tok også med bilder fra standen til mamma. Ho selde quilta ting som bilder, løparar og adventskalendere. Kjøpelysta var stor hos Lepsøyfolket og av dei tilreisande.
Vi takker alle som var innom og minner om at det er ope i morgon frå 15.00-16.00, då med eit noko mindre utvalg, men framleis mykje fint igjen!

torsdag 18. november 2010

Pakket og klar

I dag er det eitt år sidan eg heiv meg på bloggebølga! Det har blitt blogga om litt av kvart og det har i grunn vore ganske kjekt. Eg kjem nok til å halde på vidare. Den første tida var det berre dei nærmaste som var innom, men no ser eg av statistikken at eg har treff både herfrå og derfrå og kjekt er det. Men eg må seie at eg av og til lurer på kven dåkke er?
Tok med nokre engler eg har laga av blåskjell. No er dei pakka forsiktig ned og er klare for nye eigarar på julemesse.
Pepperkakehjarta har komt seg i cellofan.

onsdag 17. november 2010

Pepperkakehjarte

I dag har eg baka pepperkakehjarte til å henge i vinduet til jul. Baka og pynta 12 stk. Det tok litt tid. Har pynta dei begge sider slik det blir ekstra fint når dei blir hengt opp. Blei inspirert av bloggen "Den gode feen" i går og satte i gang i dag. No må dei tørke før dei skal få på seg sløyfe og pakkast fint inn. Blir nok å få kjøpe på julemessa til helga...

søndag 14. november 2010

Bjørkehjarte

Farsdagen blei feira på Lepsøya med god middag og kake. Vi fekk også tid til å flytte villsaudane til ny beite. Der traff dei verane og til våren blir det nok små lam igjen...
Hobbyaktiviteter blei det også. Svigerinna mi og mamma har laga slike bjørkehjarter tidlegare og i dag skulle eg prøve. Etter litt fram og tilbake om korleis det skulle sjå ut blei det slik. Pappa hadde ei meining, mannen ei, broren ei anna og jammen hadde ikkje bestemor på 93 også ei meining, ja pluss våre eigne. Skulle det vere stramt eller litt "bustete"? Heile familien engasjert og koseleg er det. God veke til alle samen!

onsdag 10. november 2010

Julehjarter

Dagens produksjon frå Hobbykottet. I dag har eg sydd julehjarte etter inspirasjon fra Tilda. Fine til å henge på ei grein eller ein trollhassel i juletida.

søndag 7. november 2010

Engler

Desse søte englane her laga eg for nokre år sidan. Men dei siste åra har eg ikkje fått tak i rett slags englehår. Kroppen og armane er laga av englehår blanda med tapetklister og glitter som er smurt rundt kjegleformer.
Men på butikken som har meir en du trur; Johan R Sunde på Sula hjalp meg å skaffe det. Så i går fekk eg bestillinga mi og i dag er produksjonen i gong igjen. Her står kropper og armer til tørk. Haud og hender lager eg av sernitt leire.




Bilde en og tre er tatt frå denne flotte boka eg fekk til jul for nokre år tilbake, men trur den er til salgs endå. Masse flott inspirasjon til den som liker engler.



tirsdag 2. november 2010

Julemesse

20. - 21. november blir det julemesse i staburet i Bretanusgarden på Seth. Dette er blitt ein tradisjon. Det blir salg av handarbeid, lefse og villsauskinn. Velkommen!
Her er litt av det som var til salg i fjor. Mykje fint!

mandag 1. november 2010

Storefjell

I helga var vi på Storefjell. Vi var der med jobben til mannen min. EL-PROFFEN hadde ei messe der. På fredags kvelden var det Sigrid Bonde Tusvik som stod for underhaldninga, om ein kan kalle det underhaldning. Ho imponerte ikkje! Men søt var ho.



Hotellet er påbygd X-antall gonger og er ikkje fint å sjå på, men maten og stemmninga var det ingenting å sei på. Vi var 550 stykker og hadde heile hotellet. Veret var dårleg, men eg og ei til gjekk oss ein liten fjelltur til Gulknappen på laurdagen.

Laurdagskvelden var det fest middag med nydeleg mat, taler og underhaldning. Knut Lystad og Tom Mathisen (frå bl.a Brødrene Dal og Karl og Co) var toast mastere eller brødristere som dei kalte det. Dei var kjempe flinke og hadde show for oss inne mellom dei ulike rettane.

Her er karane i aksjon som språkforskarar. Trur Sigrid bør ta seg eit kurs i underhaldning hos desse karane. Dei bar preg av å vere godt førebudde og av å ha mange års erfaring.