fredag 30. juli 2010

Sommerferien del 2


Etter nokre dagar heime tok vi turen til Lepsøya. Vi hadde kjempe fint ver og dagane gjekk fort. Her er ein flott kveld i Hellevika.

Badetempraturen var ikkje av det varme slaget, men Kjerstadsanden er flott å slappe av på ivertfall. Nokre hardrauser var uti også. Krabbe og makrell i massevis. Litt blodig her..

Sommerstemmning for meg er fisking på berga. Det blei det tid til og vi fekk både makrell og lyr. Svidde pølser høyrer med.

Vi tok med sykler denne gongen og det var veldig kjekt. Vi sykla fleire turer. Ein dag tok vi ferga over til Haramsøya. Her frå går det bru vidare til Flemsøy / Skuløy. Her var vi innom søskenbarnet mitt med familie. Nordøyane er flotte sykkeløyer og øyhopping er å anbefale. Her er det Ulla fyr som er avbilda.

Sommerferien del 1

Hei igjen alle sammen. Ser at eg har hatt over 120 treff på bloggen sidan eg tok ein feriepause. Det betyr at det er mange som er innom for å få litt oppdatering skjøner eg. Kjekt med mange lesarar. Vi har hatt ein fin ferie og har framleis 1 veke igjen. Har teke med litt bilde frå ferieturen vår.

Vi starta ferien vår med ein Carola konsert på Hamar. Her traff vi fleire venner og vi hadde ei kjekk helg på Hedemarktoppen. Carola svikta ikkje!
'
Vi reiste vidare til Lillestøm. Her var vi innom søskenbarnet mitt og familien. Vi fekk helse på lisje Arvid Willhelm, ein skjønn liten gut på ca 14 dager. Vi var heldige å få låne huset til tante og onkel og budde der i tre dagar. Var bl.a i Vigelandsparken.

Den same tanta og onkelen tilbydde oss hytta på Hvaler nokre dager, noko vi takk ja til. TUSEN takk for gjestfriheita tante og onkel! Til Hvaler kom også bror min og kona. Vi hadde kjekke dager ilag der. Vi fekk låne båten også og hadde ein fin båttur i skjærgarden. Veret var bra og eg fekk sola ein solhungrig kropp :-)

Her ser dåkke bilder av hytta, utsikta og diskusjonen om dart-poeng. Eg og svigerinna mi var også innom ein flott intriørbutikk -Reidunn`s låve.
Her var det mykje fint. Butikken låg var i ein gamal fjøs og 5 høner spankulerte inn og ut av butikken. Veldig sjarmerande. Spisebrikker, eit skilt og fine blonder blei med heim. Ta turen om dåkke skulle vere på Hvaler.

Etter fine dager på Hvaler sette vi kursen mot Rjukan. Mannen min er over snittet interessert i den norske krigshistoria. Vi kjøyrde derfor ein lang omveg for å komme til Rjukan og Norsk indusriarbeider museum. Vi reiste derifrå med meir kunnskap om vår eigen Joachim Rønnberg og co sin heltemodige tungtvanns aksjon.
Vi la heimturen innom Voss, Flåm, Loen og Geiranger. I Loen blei det spa og herleg mat.
I morga skal dåkke få sjå meir frå sommerferien vår!

fredag 9. juli 2010

Ferietips

Då er det sommerferie her i huset. Den skal skal vi innlede med å ete middag på hytta til farmora til mannen min. Ho serverer alltid nydeleg kjøttsuppe.
Vi reiser på ferie på Søndag og starter med Carola konsert på Hamar. Gler meg til det. Her skal eg treffe den Carola glade venninna mi som var med på forige konsert.

Tenkte å gi dåkke nokre gode ferietips i nærområdet.
Først ut er sjølvsagt kystens pærle - LEPSØYA.
Flotte tur områder og hyggeleg mennesker :-) (høyrdes ut som ei annonse for ein sydenplass)

I fjor var vi med mi svigerinne og svoger til Stadt. Vi tok turen til Fure. Gjekk vidare til staden "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" - Ytre Fure. Turen tok vel 1 1/2 time. Ulent terreng, men ein flott tur!

Geiranger er turistmagneten i fylket vårt. Vi tok turen opp til Vesterås. Her får du ei fantastisk utsikt over Geiranger. Anbefalast!

Tok også med eit grill bilde frå i fjor. Grillspyd med kylling, paprika, mais, løk.. Hærleg!
Då tek Hobbykottet feriepause.
God sommer til alle som er innom!

søndag 4. juli 2010

Lepsøytur


Eg har vore ein tur heime i helga og det er alltid like kjekt. Torsdag hausta vi dei siste rabarbraene og laga ein god pai. Den vart frisk og god. Ein smak av sommer!

Fredag gjekk eg over beiteområdet til saudane. Flott utsikt mot Kjerstad. Ferga på veg til øya. Flaskelammet Robin fekk seg ei flask mjølk.

Laurdag var det endeleg sommer. Varmt og herleg. Vi tok ein tur til Kjerstadsanden for å teste badetempraturen. Dei tøffaste i familien tok ein dukkert og andre nytte sola og varmen (eg høyrer til i den siste gruppa..)