lørdag 29. mai 2010

Helg


I går fekk eg fjerna juletre og påskelijer frå trappa..ja du leste rett. Her vare høgtidene lenge. Men no hadde både grana og liljene gjort sitt og dei blei bytta ut med sommerblomster. Det vart straks bedre.


I haust kjøpte vi oss nye møbler. Dei er av olja eik og må oljast ein gong i året. I dag var det fint ver og derfor tok vi ut salongbordet. Resten av møblane tok vi inne då det ikkje lukta så ille som vi trudde det kom til å gjere. Det vart fint og blankt.

I kveld blir det Mgp på tv èn. Heia Didrik!!

mandag 24. mai 2010

Sardinia turen


Tenkte eg måtte vise nokre bider frå Sardinia turen vår. Det var eit fint reisemål. Hotelletområdet var kjempe fint med palmer, blomster, basseeng og belysning.
Torsdag når vi kom hølja det ned og det lynte og tordna. Under resten av opphaldet var det kjempe fint, men litt kaldt i vatnet så bading blei det lite av.


Vi fekk sett litt av området rundt hotellet då det låg 1,5 time med buss frå flyplassen i Caglliari. Laurdag var vi på jeep tur og fekk køyre til områder ein ikkje kjem seg til vanlegvis. Øyvind Blunck i Fritdjof sin skikkelse hadde underhalding på ein av middagane vi tok del i.

Laurdags kvelden var vi på festmiddag inne i Gaglliari. Vi gjekk opp til eit utsiktspunkt over byen.
Tok også med eit bilde av jeep sjåførane våre. Det andre små bildet er frå middagsbuffen fredag på ein strandresturant. Masse mat, men ikkje alt som smakte like godt.
Fekk nokon lyst til Sardinia er det berre å bestille :-)

onsdag 19. mai 2010

Sardinia

I morgen set vi kursen mot varmare land. Vi skal til Sardinia frå torsdag til søndag. Så no håper vi at vulkanen på Island held seg i ro.


Her er stranda som høyrer til hotelet vi skal bo på.



Bilder fra området rundt. Ser veldig fint ut på bilde ivertfall. No pakker vi sommerkle og solkrem :-)

(Bilder tatt frå nettet)

fredag 14. mai 2010

Bursdagskort

I går var vi i bursdag på Stranda. Då tok eg med dette kortet. Dei kvite blomstrane har eg klipt ut i filt. I midten er det to typer paljetter og ei lita pærle. Kortet er laga i to typer blåfargakartong. Klipte med ei taggesaks rundt det ytterste. Laga hull og satte i ei sløyfe til å knytte det igjen med.

onsdag 12. mai 2010

Små dyr

I dag har eg og to kollegaer vore i Elnesvågen på besøk hos ein barnehage. Vi skulle sjå og høyre korleis dei hadde jobba med å dele barnegruppa opp i mindre temagrupper.
På vei rundt i barnehagen såg eg desse søte små dyra henge i taket.



Ei søt marihøne. Laga av eit vattegg og ei vattkule, litt måling, tyll og piperensere.



Her er ei bie laga på samme måte. Desse må prøvast ut i barnehagen til sommeren.

mandag 10. mai 2010

Mai?

I går kveld når eg skulle legge meg knipsa eg dette bildet...9. mai.. Det verste var at det var meir snøv i dag når eg vakna. Bilen var heilt ned isa og skrapa måtte brukast igjen..

Kom Mai du skjønne milde.. :-)

søndag 9. mai 2010

Kort

Når ein lager kort blir det alltid ein del papir rester igjen. Desse sparer eg på i ei eiga lita kasse. På dette kortet har eg brukt papir remser i bakgrunnen. Det blir alltid ein del kapp, då korta skal ha ulike størrelser. Fisken har eg klipt ut av eit gåvepapir eg har spart på ein gong - kjekt å ha!

lørdag 8. mai 2010

Bryllupskort

Viser her bryllupskortet eg lage til eit bryllup vi var i på Lillestrøm. Brudgommen er ihuga L.S.K supporter og bruda kjem frå Bergen. Med utgangspunkt i dette blei kortet laga. Skreiv ut bilder frå Åråsen og Bryggen i Bergen henta på nettet. Kroppane er laga av albueskjell og skorne av små blåskjell. Dei er måla og limt på. Kortet fall i smak hos brudeparet og det er alltid kjekt!



Lykke til kjære brudepar :-)