fredag 23. april 2010

Loppemarked

I ettermiddag var eg og svigerinna mi på loppemarked. Som vanleg masse folk og tildels knuffing i køa :-). Skulle tru at vi alle hadde nok heime. Men eg synes det er gøy og av til dukker det opp skatter i mine auge. I dag blei det ingen handel. Viser derfor eit bilde av eit fint fat eg kjøpte på eit tidlegere loppemarked. Såg og vurderte det lenge før eg kjøpte det (eller rettere sagt; mamma kjøpte det til meg..(takk)). Synese det er kjempe fint. Det heng på kjøkkenet til glede kvar dag.



Fatet er frå Figgo porselen.

søndag 18. april 2010

Nille

I går var eg innom Nille ein tur. Det er ein butikk eg ikkje er innom så alt for ofte. Men det trur eg kjem til å endre seg. For her hadde dei mykje hobby "stæsj" til ein rimeleg penge. Synes eg handla mykje, men kassadama skulle berre ha 144 kroner! Så dagens anbefaling til dåkke hobbydamer er Nille!



Det er 18. april, men ute ser det ut til å vere 18. januar. Kvite marker og "renneføk"
Huff huff :-(

onsdag 14. april 2010

Nytt kort



I går var vi i ein gubursdag. "Gubursdagsbarnet" held på å utvide og pusse opp badet sitt. Derfor tenkte eg at gåva og kortet måtte ha bade tema. Fann denne figuren på datamaskina og skjerte den ut med Shiluette maskina mi. Den er berre fantastisk! Takk for koseleg selskap!

Det øverste bildet er kortet utvendig. Dei andre er er frå kortet inni.
<

søndag 11. april 2010

Lepsøytur

I helga hadde vi oss ein liten tur til Lepsøya. Der var våren komen for fullt. Saudane har starta lamminga og dei neste vekene venter dei omkring 60 lam. Her er det første lammet. Mora verna veldig om det så det var ikkje så lett å få tatt bilde av det. Men små og søte er dei.



Korkusane er også i full blomst.

På øya hadde dei kjøpt ei sag til å lage villmarkspanel med. I helga vart den tatt i bruk. Materialet skal brukast til ny vegg på naustet.

Mannfolka saga, mens damene sat på lø-brua og såg på. I vår familie er det tradisjon med å drikke kaffi på lø-brua når ein arbeider ut på laurdagane. Svigerinna mi diska opp med kaffi, muffins og kjeks. Sola skein og det var ein fin dag.

fredag 9. april 2010

Gratulerer

Gratulere så mykje med dagen mamma.

torsdag 8. april 2010

Gebursdagsgåve

I morga har mamma gebursdag. Vi tek turen til øya for å feire litt. Gåva er ferdig pakka og kortet er laga. Det gjekk i rosa denne gongen.

onsdag 7. april 2010

Snøsmelting


Endelig. I dag når vi kom heim frå jobb såg vi plenen etter snart 4 mnd med samanhengande snøv rundt husa. Dette har eg lengta etter. Tok meg ein tur i hagen og kan sjå at påskeliljer og andre vårblomster er på veg. Så lenge får eg nøye meg med påskelijer på trappa.

lørdag 3. april 2010

Påske

Då er påska godt i gong. Vi har vore på Strandafjellet og på Bjorli. Ein tur på Kollen har det også blitt. No har vi hatt koseleg vennebesøk frå austlandet.
Ute er våren i anmarsj og mannen vasker bil - eit sikkert vårteikn her i familien :-)