mandag 29. mars 2010

Vår ??

Eg begynner snart å lure.. I dag snøver det igjen. Får prøve å skape litt vår stemmning inn ivertfall. Og det var i gamledager at påskekyllingane skulle vere gule. Desse søte her er nokre år gamle og er kjøpt på Ålens.

lørdag 27. mars 2010

Påskeferie

Då er det påskeferie her i huset. Vi skal ha fri i dagane mellom påskehelgane og det skal bli godt. I dag har eg pynta litt til påske.



Påske egga har eg enkelt laga ved å klippe ut pappegg og lime dei saman med ein streng i mellom. Pynta dei med ei perle og ei sløyfe. Det nede til høgre er eit vatt egg eg har måla grønt. Smurte lim over heile egget og rulla det i små, små glasspærler. Egga heng i trollhasselen i vinduet.



Sist helg var vi på Lepsøya. Då må vi helse på vilsaudane som slett ikkje er noko ville :-). Her er det ledersauden Mina Mathilda som får ein smak av kakeskalkar.



På Lepsøya var det bare markar. Her med oss ligg snøven godt endå. Kan tenke meg at det er 20 cm igjen..

God påske til dåkke som er innom!

søndag 14. mars 2010

Roser

I går fekk eg telefon frå Mester Grønn. Dei hadde levert ein blomster på døra og at eg møtte ta den inn straks. Eg var på handel og hasta meg heim. På døra stod det ei kasse. I spenning opna eg opp. Inni kassa var det ein FLOTT rosebukett frå mi gode venninne Sonja i Bergen. Det var kjempe koseleg gjort og eg blei så glad. No stend dei store og flotte på bordet og eg gler med over vennskapet vårt. TAKK SONJA!


lørdag 6. mars 2010

Silhouette SD

Til jul fekk eg ei flott Silhouette maskin. Det er ei maskin som skjærer ut tekst og figurer som ein bruker når ein lager kort, albumer etc. Eg har eksprimentert litt med maskina og finn stadig nye måtar å bruke den på. Her ser dåkke noko av det som eg har skjært ut.



(Bilda er tekne med mobilen og er litt uklare ser eg..)