søndag 5. juni 2011

Vafler og seljefløyte

 I dag var vi i gapahuken ved Demma på Lespsøya. Den er blitt bygd på dugnad til trivsel for fastbuande og turistar. Her er det grill, bålpanne, vafel - og toastjarn tilgjengeleg for alle. Det er blitt bygd platting og det er bord og benkar. Ein fin stopp om ein er på sykkeltur på Nordøyane. Pappa laga bål og mamma steikte vafler og kokte kaffi på bålet
Pappa laga ei seljefløyte av rogn. Lyd blei det også. I følge bestefar fekk vi ikkje blåse i slike fløyter på solskinsdagar for då kom regnet. Så regner det i morgon veit dåkke kven som har skulda.

3 kommentarer:

  1. Der ser du, det vart regn, han viste ka han snakka om han bestefar.

    SvarSlett
  2. Takk for ei kjekk helg, og ein fin fjelltur. Alltid godt med nysteikte vafler. Blås ein gong til og sjå om det blir opphaldsver. Mamma

    SvarSlett
  3. Ikkje blås i sånne fleire gonger!!! ;p

    SvarSlett