Eg fant oppskrift på ein engel i ein Stoff og stil katalog ein dag. I går såg fleire dagens lys på Hobbykottet. Eg laga i fleire ulike fargar. Her ei brun utgåve. "Håret" var litt nytt for meg, men med litt tilvenning synes eg dei vart ei tøff utgåve av ellers så søte og yndige englar.
Var på XL i Ålesund og åt middag ein kveld. Vi hadde 10 års bryllupsdag og feira med god middag ute. Mens vi sat der gjekk sola ned og eg tok dette bildet gjennom vinduet (derfor lamper på himmelen) Kan utsikta bli bedre på ein slik dag?