onsdag 15. januar 2014

Vinterdag

Sol frå blåhimmel og - 2 grader. Eg har brukt fridagen min til å gå på Østremsetra på Emblemsfjellet. Gjekk på beina. Litt lite snøv til å gå på ski. 

søndag 12. januar 2014

Helgebesøk

 
Laurdag hadde vi venner på middag. Til dessert laga eg
Panna Cotta. Dette er ein rask, enkel og super god dessert.
Fylte desserten oppi små skåler og toppa det med en frisk bringebærsaus.
 

 
Besøket hadde med seg vårlege tulipaner.
 
Takk for ein koseleg kveld!