I kveld har vi hatt koseleg førjulsbesøk. Vi serverte Lussekatter. Ein kjekk kveld ilag med tantebarn og foreldre.
onsdag 10. desember 2014
lørdag 22. november 2014
Julemesse
Nokre bilder frå julemessa. Tatt med mobilen så dårleg kvalitet. Handelen går livleg i stabburet.
Her er det eg hadde laga til. Pepperkakehjarta gjekk fort unna.
Julestemmninga var på topp.
Eg og pappa laga denne lysestaken i dag. Eg hadde ideen og pappa bora. Denne var ikkje til salgs, men fleire var interesserte.
Julemessa er open i morgo også frå 16.00-17.00. Då med eit meir begrensa utvalg pga godt salg i dag. Takk til alle som var innom i dag.
torsdag 13. november 2014
Pepperkakehjarte
Årets pepperkakehjarte er ferdig pynta. Julemesse på Seth 22. og 23 november Alle er hjarteleg velkomne.
mandag 29. september 2014
Jupesylte
I helga har eg vore heime på Lepsøya. Laurdag var vi å plukka juper.
(Hadde ikkje fotoapparatet med meg, så uklart bilde lånt fra nettet)
Plukkinga i seg sjølv var fort gjort. Det var verre med renskinga.
Men med flittige hender går det meste.
Vi fekk 1 kg renska juper.
Spedde sylta med eplemos av 1 kg heimeplukka epler.
Vi hadde også i ca 1 liter ripsbærsaft og 500 gr sukker.
Næring på glass!!
Takk for hjelpa mamma og pappa.
Sylta blei super god!
torsdag 25. september 2014
Lomboller
I kveld har det blitt baka her i heimen.
Kanelsnurrer frå bakeriet i Lom.
Folk reiser langt for å kjøpe bollar på Lom.
Vi har vore innom vi også nokre gongar.
Oppskrifta på bollane har vorte delt på sosialemedier i dag.
Bollane var tidkrevjande å lage. Berre eltinga tok 30 min.
Men ferdige vart dei og kanskje også bedre enn på Lom....
Oppskrifta finn du her!
tirsdag 16. september 2014
Den blå varianten
Småkaker til Ole Martin sin dag.
Blei pynta med turkis smørkrem, blåbær og små blomster laga av fondant.
Eit dryss med melisen slår aldri feil.
Fargane passa perfekt til pynten på bordet og lokalet.
Skulle nesten tru det var planlagt.
Takk for fin feiring til familien Myren
onsdag 10. september 2014
Berre for å friste...
Desse små fristelsane laga eg til Farmora sin dag i sommer.
Til helga skal vi feire lille, gode Ole Martin og en ny porsjon skal lagast.
Men då må nok pynten byttast ut med ein noko meir maskulin farge :-)
onsdag 13. august 2014
Blekksprut
Sommerferien er over og kvardagen er tilbake. Vi har hatt ein ferie med mykje fint ver. Det har blitt turar til Split, Geiranger, Lepsøya, Røros og Lom. Vi har vore på båtturar, hatt besøk og vore på besøk.
I går kveld var vi på sjøen for å fiske teineagn. Der fekk eg av alle ting ein Blekksprut. Båten og folket ombord blei spruta ned av blekk. Etter mykje styr og mange blekkangrep fekk vi (eg) Blekkspruten av kroken og den er klar for å gjere nytta si som agn. Håper krabben er meir begeistra for dette " dyret" enn oss.
torsdag 3. juli 2014
tirsdag 1. juli 2014
Farmor`s pioner
Pionrøtene frå farmora i Volda står i full blomst i hagen.
Ein fekk vere med inn på kjøkkenet.
Vakkert!
mandag 30. juni 2014
Hyttetur
I helga har vi vore i Stryn på hyttetur.
Laurdag gjekk vi på Gryta 1032 m.o.h.
Her fekk vi ei fantastisk utsikt over fagre Stryn.
Tusen takk til tantene som inviterte til tur.
Kjekt å treffe alle som var innom i løpet av helga.
Vi rakk også å få med oss ein dobbel gebursdag på søndag.
Takk for fin feiring til Ellinor og Linda.
onsdag 25. juni 2014
Høgkubben
Fridag og fjelltur. I dag gjekk eg til Høgkubben. Ein fin tur i fint ver. Godt å komme seg ut. Premien venter på toppen - flott utsikt
tirsdag 24. juni 2014
Jonsok
Som mange år tidlegare reiste vi til
Prestegarden på Lepsøya Jonsokaftan.
Her var det sal av rømmegraut, kake, pølser og muligheter for grilling.
Det var pilkast, skyting, hestesko, rebusløp, bingo m.m
Som seg hør og bør var det sjølvsagt Jonsokbryllaup.
Bruda og brudgommen svara kanskje, men det heldt for den
tidlegare sjømannspresten frå Katmandu.
Klare for båltenning og Jonsokfant
Mykje folk som vanleg.
Bålet i full fyr i fint Jonsokver.
søndag 22. juni 2014
Slinningbålet
Slinningbålet fredag kveld. Imponerande arbeid.
Bålet blei tent i går kveld og vi var der med båten.
Wyern var også ute i nattetimane
lørdag 21. juni 2014
Waldehuset
I dag har vi vore på åpning av Waldehuset. Pinsekirka fekk huset i gåve i 2012. Mykje godt arbeid er gjort sidan då. Ordføraren brende av snora og gratulerte med dagen. Inne var det sal av brennsnut og napolionskake. Mykje folk var innom. På smp.no og nrk.no ligg det fine bilder og videoer frå dagen.
onsdag 18. juni 2014
søndag 1. juni 2014
Yste Skotet
I dag tok vi turen til Yste Skotet.
Her ser vi garden fra MS Geirangerfjord
Grøne bøar vitnar om hardt arbeid i si tid
Grautsalget gjekk unna
Mykje folk på Storfjordens venner stemnet
Tunet mellom huset og løa
Mjølkespanna har fått kvile
En killing som ville helse på fotografen
Stabburet
Ein flott tur til ein historisk stad.
torsdag 29. mai 2014
Storhornet
I dag har vi vore på Storhornet på Godøya 497 m.o.h.
Nordøyane på rekkje og rad.
Vi har også vore på Goaldet på Lepsøya og Skulen på Flemsøya dei siste 12. dagane.
Er med andre ord inni ein god stim :-)
Ålesund og Sukkertoppen
På vegen gjekk vi forbi Johan Skytt steinen.
Måtte krype ut på grunn av sterk vind og ein ørliten høgdeskrekk.
Fotografen eg hadde med var ikkje av den flinkaste til å finne rette vinkelen, men her var det stuuuuupbratt rett ned. Hjelp!
HMS ansvarlig i familien heldt seg bak kamera.
Flott tur i strålande sol!
Abonner på:
Innlegg (Atom)