mandag 9. august 2010

Solsikker♥♥♥

Solsikker er som tidlegare skreve på bloggen min FAVORITT blomster. Den er berre så fin og STRÅLANDE!

Desse flotte her fekk eg av bestemora mi som var innom på besøk på fredag. 92 1/2 år og på tur til "bya". Ikkje verst!

Sjå kor fine dei er!

Solsikker er eg så glad i at eg hadde det i brudebuketten min. Den har eg fått mykje skryt av. Synest den er like fin i dag som for 8 år sidan.

Kvardagen er tilbake her i huset. Det var litt tungt å stå opp i dag tideleg.
Mange synest det er godt å "komme i gjenge igjen", men eg for min del synset det er heilt greit å vere "ugjenge". Ferie er best uansett! På jobb er det full rulle med tilvenning av nye barn. Mannen i huset er på jobb endå, så hans start blei ivertfall brå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar