fredag 30. juli 2010

Sommerferien del 2


Etter nokre dagar heime tok vi turen til Lepsøya. Vi hadde kjempe fint ver og dagane gjekk fort. Her er ein flott kveld i Hellevika.

Badetempraturen var ikkje av det varme slaget, men Kjerstadsanden er flott å slappe av på ivertfall. Nokre hardrauser var uti også. Krabbe og makrell i massevis. Litt blodig her..

Sommerstemmning for meg er fisking på berga. Det blei det tid til og vi fekk både makrell og lyr. Svidde pølser høyrer med.

Vi tok med sykler denne gongen og det var veldig kjekt. Vi sykla fleire turer. Ein dag tok vi ferga over til Haramsøya. Her frå går det bru vidare til Flemsøy / Skuløy. Her var vi innom søskenbarnet mitt med familie. Nordøyane er flotte sykkeløyer og øyhopping er å anbefale. Her er det Ulla fyr som er avbilda.

3 kommentarer:

  1. Det var nokre kjekke dager når dåkke var på besøk. Fine bilde av mange fine turer. Flott at veret var så bra.Mamma

    SvarSlett
  2. Så mange flotte bilder! Det var veldig kjekt at dåkke stakk innom. Sønst dåkke kan gjere det litt oftare! ;) Ha ein fin haust og jobbstart! Klem

    SvarSlett
  3. HEI. Det var koslig å sjå på bloggen din. Hadde besøk av mamma som viste meg den.Helsing fra meg på Terøya..

    SvarSlett