torsdag 19. august 2010

Ny sykkel


Min kjære mann fant ut ein dag at eg trengte meg ny sykkel. Min gamle DBS sykkel frå studietida hadde visst gått ut på dato. Sykkelen blei lagt ut på finn.no og i dag blei den solgt til ei hyggeleg dama frå Moa området. Vi tilbydde oss å levere den til henne. Sidan vi først hadde på sykkelstativet kunne vi like godt kikke etter ein ny sykkel med det same. Som sagt så gjort og dermed var eg iløpet av kort tid eigar av denne sykkelen. Det er ein hybrid sykkel og MYKJE lettare en den gamle. Eg har fått fleire gir og bedre komfort, ja i den grad ein kan få komfort på ein sykkel. Då har eg inga unnskylding for å ikkje sykle lenger..
God tur!

3 kommentarer:

  1. Blir vel du som vinn sykkelløpet og ny sykkel på laurdag. Gler oss til besøk i helga. Mamma

    SvarSlett
  2. So flott sykkel du he fått dej! Gratulerer!

    SvarSlett