fredag 30. juli 2010

Sommerferien del 1

Hei igjen alle sammen. Ser at eg har hatt over 120 treff på bloggen sidan eg tok ein feriepause. Det betyr at det er mange som er innom for å få litt oppdatering skjøner eg. Kjekt med mange lesarar. Vi har hatt ein fin ferie og har framleis 1 veke igjen. Har teke med litt bilde frå ferieturen vår.

Vi starta ferien vår med ein Carola konsert på Hamar. Her traff vi fleire venner og vi hadde ei kjekk helg på Hedemarktoppen. Carola svikta ikkje!
'
Vi reiste vidare til Lillestøm. Her var vi innom søskenbarnet mitt og familien. Vi fekk helse på lisje Arvid Willhelm, ein skjønn liten gut på ca 14 dager. Vi var heldige å få låne huset til tante og onkel og budde der i tre dagar. Var bl.a i Vigelandsparken.

Den same tanta og onkelen tilbydde oss hytta på Hvaler nokre dager, noko vi takk ja til. TUSEN takk for gjestfriheita tante og onkel! Til Hvaler kom også bror min og kona. Vi hadde kjekke dager ilag der. Vi fekk låne båten også og hadde ein fin båttur i skjærgarden. Veret var bra og eg fekk sola ein solhungrig kropp :-)

Her ser dåkke bilder av hytta, utsikta og diskusjonen om dart-poeng. Eg og svigerinna mi var også innom ein flott intriørbutikk -Reidunn`s låve.
Her var det mykje fint. Butikken låg var i ein gamal fjøs og 5 høner spankulerte inn og ut av butikken. Veldig sjarmerande. Spisebrikker, eit skilt og fine blonder blei med heim. Ta turen om dåkke skulle vere på Hvaler.

Etter fine dager på Hvaler sette vi kursen mot Rjukan. Mannen min er over snittet interessert i den norske krigshistoria. Vi kjøyrde derfor ein lang omveg for å komme til Rjukan og Norsk indusriarbeider museum. Vi reiste derifrå med meir kunnskap om vår eigen Joachim Rønnberg og co sin heltemodige tungtvanns aksjon.
Vi la heimturen innom Voss, Flåm, Loen og Geiranger. I Loen blei det spa og herleg mat.
I morga skal dåkke få sjå meir frå sommerferien vår!

1 kommentar:

  1. Ser ut som ein kjempekjekk tur. Greit med ei tante og ein onkel som låner ut både hus og hytte.Mamma

    SvarSlett