fredag 9. juli 2010

Ferietips

Då er det sommerferie her i huset. Den skal skal vi innlede med å ete middag på hytta til farmora til mannen min. Ho serverer alltid nydeleg kjøttsuppe.
Vi reiser på ferie på Søndag og starter med Carola konsert på Hamar. Gler meg til det. Her skal eg treffe den Carola glade venninna mi som var med på forige konsert.

Tenkte å gi dåkke nokre gode ferietips i nærområdet.
Først ut er sjølvsagt kystens pærle - LEPSØYA.
Flotte tur områder og hyggeleg mennesker :-) (høyrdes ut som ei annonse for ein sydenplass)

I fjor var vi med mi svigerinne og svoger til Stadt. Vi tok turen til Fure. Gjekk vidare til staden "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" - Ytre Fure. Turen tok vel 1 1/2 time. Ulent terreng, men ein flott tur!

Geiranger er turistmagneten i fylket vårt. Vi tok turen opp til Vesterås. Her får du ei fantastisk utsikt over Geiranger. Anbefalast!

Tok også med eit grill bilde frå i fjor. Grillspyd med kylling, paprika, mais, løk.. Hærleg!
Då tek Hobbykottet feriepause.
God sommer til alle som er innom!

2 kommentarer:

  1. Pensjonatet Nylende har heilårsåpent. Grillhytta erklar. makrellen væ nedfor land og det er alltid småsei på Skallen. God sommer.Mamma

    SvarSlett